Haugesund kommune er Rogaland sin kandidat til jordvernpris 2023

Flyfoto og plankart for området som kommunen no vil føre tilbake til LNF-føremål i kommuneplanen

Statsforvalteren i Rogaland meiner Haugesund kommune er ein god kandidat for jordvernprisen 2023. Kommunen har sett jordvern og berekraftig byutvikling høgt på politisk dagsorden, noko som har resultert i at dei har gjort eit aktivt grep i form av tilbakeføring av eit større  jordbruksområde nord for byen som var regulert til utbygging.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.03.2023

Nasjonal jordverpris blir delt ut annakvart år, og Landbruks- og matdepartementet skriv følgjande på si nettside:

«Jordvernprisen skal framheve og motivere til nyskapende tiltak og planer, som legger godt til rette for at kommunene i mindre grad omdisponerer dyrka mark og finner gode alternativ i planleggingen.»

Bykommune med vekt på arealutnytting og jordvern

Haugesund kommune er ein typisk bykommune, og er ikkje å rekne som ein landbrukskommune. Samstundes er kommunen oppteken av å stimulere til aktive gårdsbruk, m.a. fordi beitedyr er viktig for å halde ope landskapet. Haugesund er ein vekstkommune, der prognosane viser ein auke på opp mot 3000 personar fram mot 2050. Det blir likevel gjort gode grep for å styre veksten med mål om minst mogleg omdisponering av dyrka jord, og med fokus på utnytting av den utbygde by. Det blir også lagt vekt på å avgrense transportarbeid, m.a. anna gjennom utvikling av sentrum og sentrumsnære område.

Oppheving av områdeplan ved Fagerheim – vern av matjord

Haugesund kommune har sett jordvern og berekraftig byutvikling høgt på politisk dagsorden, noko som har resultert i det er gjort eit aktivt grep i form av tilbakeføring av eit større jordbruksområde nord for byen som var regulert til utbygging. Gjennom områdeplan blei kommunen sitt største samanhengande jordbruksområde ved Fagerheim vist til bustadføremål og grøntområde ved vedtak i 2018. Planen blir i desse dagar oppheva og arealet skal tilbakeførast til LNFR-område. Hovudmålet er her å verne matjorda på Fagerheim.

Kommunen si vurdering er eit eksempel til etterfølging med omsyn på jordvern, areal- og transportplanlegging, prioritering av sentrum og effektiv arealbruk. Tilbakeføring av arealet ved Fagerheim viser at kommunen følgjer opp nasjonale forventingar, statlege planretningsliner og tek vare på matjorda. Vi meiner derfor at Haugesund kommune er ein verdig kandidat til nasjonal jordvernpris.

I høgremargen finn du vårt brev til Landbruks- og matdepartementet kor vi nominerer Haugesund kommune til nasjonal jordvernpris 2023.

Kunnskapsgrunnlag til nasjonal jordvernstrategi

Vi informere elles om at NIBIO har levert rapporten "Kunnskapsgrunnlag for norsk jordvernstrategi" til Landbruks- og matdepartementet. Rapporten er eit kunnskapsgrunnlag for revisjon av nasjonal jordvernstrategi og eit forsterka mål for jordvern. 

Rapporten finn du i høgremargen. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.