Mykje matjord av nasjonal verdi i Klepp

Over halvparten av den dyrka jorda i Klepp kommune har svært god jordkvalitet.  Saman med godt klima, lang vekstsesong, driftige bønder og store samanhengande areal  gjer dette Klepp til ein viktig kommune for matproduksjonen i landet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.05.2015

Norsk institutt for skog og landskap har utført jordsmonnkartlegging i Klepp kommune og har utarbeida kommunerapport om jordsmonnet på dyrka jord. 

Kommunevise jordrapportar er eit nytt produkt frå Skog og Landskap. 

Størsteparten av jordbruksareala i Klepp er av svært god eller god jordkvalitet. 65 % av det jordsmonnkartlagde arealet i Klepp kommune er sjølvdrenerande. Saman med eit godt klima for planteproduksjon, lang vekstsesong, driftige bønder og store samanhengande areal gjer dette Klepp til ein viktig bidragsyter for landet sin matproduksjon. Jordbruksdrifta i kommunen er intensiv og variert, og gir eit godt økonomisk utbytte. 

Jordrapporten for Klepp er den første kommunerapporten av dette slaget i Rogaland. Meir om jordrapporten for Klepp kan du lese her hjå Skog og Landskap.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter