Viktig at kompensasjonsordninga for pelsdyrnæringa blir endra

Forslag til endringar i lov om forbod mot hald av pelsdyr gir eit godt utgangspunkt for ei betre kompensasjonsordning. Statsforvaltaren i Rogaland meiner at ei endra ordning også bør ta omsyn til erfaringar med dagens regelverk.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.01.2021

Det er positivt at pelsdyroppdrettarane skal få kompensasjon etter prosess som følgjer av reglane om ekspropriasjonserstatning. Forslag til framgangsmåte ved fastsetting av erstatning synast for oss som noko komplekst. I vår uttale legg vi vekt på at det bør utformast eit rundskriv rundt fleire sentrale tema som er viktige i arbeidet med dei konkrete tilboda, verdsetting og saksbehandling. Lovverket bør stimulere til minnelege avtalar, og frivilligheit bør etter vår vurdering vere det berande element i prosessen fram til den endelege kompensasjonen.

Utfordringar med dagens regelverk

Vi har erfart sider ved dagens regelverk vi som forvaltningsorgan meiner får urimelege resultat for søkjarane. Til dømes peiker vi på problemstillinga ved at eigarar av anlegg som sjølv ikkje er produsentar, ikkje har rett til kompensasjon etter § 5. Vi vonar utleigar og leigar-problematikken blir tatt omsyn til i endra lov. Vidare meiner vi at dagens dispensasjonsadgang bør vurderast utvida. Eit av elementa vi løfter er problemstillinga om berekning av tal tisper ut frå val av driftsform. Vi erfarer også at eigarar av anlegg der søkjar ikkje hadde dyr den 15.januar 2018, ikkje får dekka kostnadane for riving og opprydding etter § 7.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.