Vestsida av Langfjella dominerer produksjonen av lam

Sau og lam på beite på Rennesøy.
Sau og lam på Rennesøy foto: Geir Skadberg Foto: Geir Skadberg / Statsforvaltaren i Rogaland.

Rogaland er det fylket med flest sauar, og saman med Vestland har desse to fylka om lag 40 prosent av sauebestanden i landet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.03.2023

Dei kvite, grå og svarte ulldottane finst i alle kommunane i Rogaland, og totalt var det 187 569 vinterfôra sauar (vfs) i 2022. Sauehald har ein eigen plass i hjartet til rogalandsbonden. Heile 2440 bruk har sau i Rogaland, over dobbelt så mange som tal mjølkebruk.

Lever og andar for sau

På denne tida av året er det særs travelt for sauebøndene. Anders Schanche Rettedal frå Klostergarden på Mosterøy er nyvald leiar i Rogaland sau og geit. Han er travelt opptatt med lemminga og har så langt tatt i mot 100 av 1100 lam som er venta i løpet av nokre veker.

- Det er mange faktorar som gjer sitt til at rogalandsbonden vil drive med sau. Sauehald har lange tradisjonar og ein sentral plass i dyrehaldet, og vi har eit gunstig klima slik at sauane kan nytte gras- og beiteareala på ein effektiv måte. Andre ting som spelar inn er at dei unge får vere med og fattar tidleg interesse, vi har eit sterkt fagmiljø og velfungerande beitelag som gjer heialivet sentralt, seier Anders Schanche Rettedal.

By-kommune størst i landet

Utruleg nok er det by-kommunen Stavanger som er den kommunen med flest sauar i landet med 20 400 vfs. Det må seiast at det er dei gamle øy-kommunane med Rennesøy og Finnøy som drar i front.

På fylkesnivå ligg Bjerkreim kommune på andreplass med om lag 17 529 vfs, etterfulgt av Vindafjord, Sandnes og Karmøy som kivar om tredjeplass med respektive 14 461, 14 165 og 13 935 sauar. Deretter følgjer Eigersund, Hå og Tysvær som alle ligg rundt 12-13 000 sauar.

Talgrunnlaget for tal sauar er basert på tal frå søknader om produksjonstilskot i jordbruket. Statistikken, som er utarbeida av Landbruksdirektoratet, tar utgangspunkt i foreløpige tal frå søknad om produksjonstilskot i jordbruket i mars 2022 og endelege tal frå søknad om produksjonstilskot i mars 2021.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.