Velkomen til høyringsmøte om ny gjødselsbruksforskrift – 24. april
Ny gjødselbruksforskrift er på høyring, eit viktig regelverk for husdyrfylket Rogaland! Vi inviterer til opent høyringsmøte 24. april. Her vil Jon Magnar Haugen frå Landbruks- og matdepartementet presentere høyringsutkastet. Du kan velje om du vil delta på dagtid på Tysværtunet, eller på kveldstid på Undheim samfunnshus.
Begge møta er gratis og opne for alle interesserte. Det blir enkel servering, og av den grunn ønskjer vi at du melder deg på. Bak høyringsmøta står landbrukspartnerskapet i Rogaland.
Progam
- Velkomen ved landbruksdirektør Monica Dahlmo
- Tankar om nytt regelverk ved styreleiar i Rogaland bondelag, Ståle Hustoft
- Framlegg til nytt gjødselbruksregelverk ved Jon Magnar Haugen, seniorrådgivar i Landbruks- og matdepartementet. Haugen har arbeidd med gjødselregelverket i lang tid, og er godt kjend med utfordringane for Rogaland.
- Tid til spørsmål og refleksjonar
Du kan velje om du vil vere med på eit av to møte, eller begge to om du er ekstra ivrig. Det er same program for begge møta.
Tysværtunet, Tysvær kommune kl 12–14
Tysværtunet kulturhus | Om Tysværtunet ligg sentralt til på Haugalandet,
Undheim samfunnshus, Time kommune kl 19
Undheim Samfunnshus har lang tradisjon for landbruksmøte.
Velkomen! Du melder deg på her: