Utfordringar med dyrevelferd for gris

Mattilsynet har no lagt fram resultata av tilsynskampanjen om velferd for svin 2021–2022. Det er funne mange regelbrot i dei svinebesetningane som har hatt tilsyn. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.01.2023

Rapporten frå Mattilsynet blei lagt fram 17.01.2023, og du finn informasjon på Landbruks- og matdepartementet si nettside.

Rogaland har 30 prosent av grisen i landet

Rogaland har om lag 30 prosent av grisehaldet i landet, og det er viktig at rapporten får merksemd i næringa. Størst del av regelverksbrota, ut frå tal føretak, blei funne i Region sør og vest og region midt. Region sør og vest var der det blei funne størst del alvorlege regelverksbrot ut frå tal føretak. 

Dialog med Mattilsynet

Mattilsynet varslar kommunen og Statsforvaltaren om alvorlege dyrevelferdssaker. Landbruksforvaltninga følger opp meldingane under si behandling av produksjonstilskot i jordbruket. I mange av desse sakene avslår kommunen søknaden om tilskot til husdyrhaldet.

Nettverk for godt dyrehald i Rogaland

I Rogaland har me gjennom fleire år hatt fokus på dyrevelferd, i samarbeid med alle næringsaktørane. I 2020 starta me opp med eit eige prosjekt under tittelen «arbeid for god dyrevelferd og dyrehelse i Rogaland», for å samla næringa til felles arbeid og innsats for god dyrevelferd og dyrehelse. Målgruppa for prosjektet er husdyrbønder, industri og næringsaktørar. Aktørane har vore samla i ulike fora, og fleire større eller mindre prosjekt har oppstått eller blitt tilknytt prosjektet, blant anna:

Mykje godt arbeid er sett i gong, men me må arbeida vidare med kunnskapsformidling, erfaringsutveksling og samhandling mot felles mål om betre dyrevelferd.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.