Frå pelsdyr til framtidsretta driftsbygg

Frå pelsdyrhus til ammekufjøs.
Frå pelsdyrhus til ammekufjøs. Foto: Eli Munkeby Serigstad.

Etter avviklinga av pelsdyrnæringa har mange rogalandsbønder stått overfor store og krevjande omstillingsprosessar. 

Publisert 09.04.2026

For familiane Byberg i Sola, Skåra på Hellvik og Grude i Bjerkreim har overgangen resultert i store investeringar, nye driftsbygningar og ei tydeleg dreining mot saue- og storfehald. Trass ulike føresetnader har alle tre gardsbruka løyst omstillinga på kvar sin måte – med stort engasjement, lokal tilpassing og vilje til vidare drift.

Pelsdyrproduksjonen har gjennom fleire tiår vore ein viktig tilleggsnæring for mange jordbruksføretak i Rogaland. Då næringa blei avvikla, måtte dei som dreiv med mink og rev ta stilling til framtida: rive, bygge om, satse vidare – eller avvikle. For Byberg, Skåra og Grude har svaret vore «me satse på garden». Alle tre familiane har valt å investere tungt i framtidsretta driftsbygningar og utvikle garden vidare, med tilpassing til areal og terreng, eksisterande ressursar og neste generasjon. Historia deira viser breidda i korleis omstilling faktisk skjer i praksis.

Frå minkproduksjon til moderne sauefjøs

Arild Byberg drev med minkproduksjon på 1300 minktisper i tillegg til sau på garden i Sola kommune saman med kona Hege. Pelsdyranlegget bestod av ein pelsdyrhall bygd i 2014 og eit gjødsellager. Hallen var 93 m x 24 m, og hadde 10 rekker med minkbur som ga 2400 minkbur totalt. Sjølve hallen var bygd i trekonstruksjon forankra i ringmur, og taket bestod av tresperrer og cembonitt- og lysplater. Det var tett oppsamling av gjødsla som blei pumpa over i eit frittståande gjødsellager på 1000 m3 bygd i betongelement i 2014.

Dei reiv anlegget i løpet av første halvår i 2025, men valde å behalde gjødsellageret. På same stad som pelsdyrhusa stod har dei no bygd opp eit nytt sauefjøs i kombinasjon med reiskapslager. Bygningen er ein stålhall med sandwichelement. I det 400 m2 store sauefjøset er det plass til 150 vinterfôra sauer, og det blei teken i bruk i byrjinga av oktober.

I det fullisolerte sauefjøset er det montert rullande fôrbrett, plastrister, rundballerivar og hydraulisk måkeanlegg. Heile bygget har kosta 6 millionar kroner. Dei har ikkje fått omstillingsmidlar eller investeringstilskot.

I tillegg til sauedrifta driv Arild maskinstasjon med fire traktorar med utstyr, og er dyrebilsjåfør for Fatland innimellom dei andre gjeremåla. I drifta har dei god hjelp av dei tre ungane som alle er interesserte i å ta over garden.

Bilete frå garden på Byberg.

Nytt fjøs til 50 ammekyr

Leif Eirik Skåra og Marianne Netland Skåra driv gard i Hellvik i Eigersund kommune. Dei hadde ein gamal pelsdyrfarm med produksjon av mink og rev. Det var 7 pelsdyrhus bygd i tradisjonell trekonstruksjon. Anlegget er ikkje rive enno.

Garden er på 1500 daa der det aller meste er utmark og steingrunn. Fulldyrka jord utgjer 100 daa, og i tillegg leiger dei 100 daa fulldyrka og 300 daa beite. Drifta er 60 – 70 vinterfôra sauer og 40 – 50 ammekyr av rasen angus.

Like i nærleiken av pelsdyranlegget har dei bygd eit nytt ammekufjøs som sto ferdig i 2023. Kaldfjøset har 57 liggebåsar med gummimatter og tallebingar til kalvane. Det er bygd i stål, treåsar og med cembonittak og lysplater. Fôrbrettet er ut mot den eine langsida av fjøset og på den andre sida er det 1,7 meter høg betongmur med perforerte stålplater over. Under spaltegolvet er det eit gjødsellager på 400 m3 med luftsystem (bobleanlegg).

Investeringa kom på 5,3 millionar kroner, og dei fekk 2,0 millionar kroner i omstillingsmidlar.

Bilete frå garden til Skåra på Hellvik.

Riving av minkanlegg og bygging for neste generasjon

Magne Henry Grude og Unni Ingvaldsen Grude eig eit minkanlegg som ligg på eiga tomt i Bjerkreim kommune. Pelsdyrproduksjonen blei avslutta desember 2019. Pelsdyranlegget bestod av fem pelsdyrhus, pelseri, lager, fôrhus, pumpehus, gjerde og gjødselkumme. Det er Stangeland Maskin AS som har oppdraget med å rive anlegget som er i sluttfasen av rivinga.

Garden med mjølk- og kjøtproduksjon blei overdratt til dottera i 2024. Før dei ga frå seg garden, bygde dei i 2021 eit isolert sau- og ammekufjøs. I storfeavdelinga er det plass til 12 ammekyr og 12 oksar, og i saueavdelinga er det plass til 170  vinterfôra sauer. Til dette fjøset fekk dei 2,0 millionar kroner i omstillingsmidlar.

Bilete frå garden til Grude i Bjerkreim.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar