Statistikk for norsk mjølkeproduksjon for 2025
Tine har no publisert statistikk for Ku- og geitekontrollen for 2025. Statistikken gir oversikt over dei viktigaste utviklingstrekka i norsk mjølkeproduksjon.
Utviklinga i årsavdråtten hos mjølkekyr, kilo mjølk og kilo energikorrigert mjølk, har vore jamnt stigande frå 2002 til 2025. Det same gjeld tal årskyr, frå i snitt 15,3 til 34,2 kyr per buskap. Endringa i bruksstrukturen for denne perioden er større bruk med fleire kyr og høgare avdrått, mens tal mjølkebruk går ned.
Utviklinga i årsavdrått
Middel avdråttsnivå på landsbasis var 8371 kilo mjølk i 2025, som er ein auke på 141 kilo frå 2024. Produsert energikorrigert mjølk (EKM) følgjer same utvikling som kilo mjølk. Endringa i kilo EKM per årsku var +179 til 8896 kilo. Det er interessant å sjå at kilo kraftfôr per 100 kilo energikorrigert har hatt ein nedgang frå 31 til 30 kilo. Talet tyder på betre fôreffektivitet hos dyra, noko som heng saman med driftsopplegget i mjølkeproduksjonen (fôringsstrategi, grovfôrkvalitet, avl, velferd med meir). Fullstendig statistikk for utviklinga kan du sjå i rapporten.
Tabellen under er frå rapporten side 10.

Overgang til Eana 360 i 2026
Kukontrollen er bondens viktigste styringsverktøy for mjølkeproduksjonen. Det gir det beste grunnlaget for god styring, avlsarbeid, klimautslepp og dokumentasjon av norsk mjølkeproduksjon. I mai 2026 vil dagens kukontroll erstattast med Eana 360. Nytt system skal gjera det enklare for bonden å registrera hendingar i fjøset, som dagens ordning med kukontrollen. Årsaken er knytt til meir brukarvennleg system, betre datasikkerheit, betre samhandling med andre systemer og betre oversikt av produksjonsdata.
Meir om overgangen kan du lese her.
Kontaktpersonar
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85