Søk om tilskot til investeringar i organiserte beiteområde innan 15. mars 2021

Det er nå tid for å laga søknad om tilskot til investeringstiltak. Søknadsfristen er 15. mars 2021

Rogaland har i 2021 ein liten kronepott (300.000 kroner) til fordeling. Det er dessverre om lag 100.000 kroner mindre enn i 2020. Vi ber likevel beitelaga søkje om tilskot til alle dei behova som er ute i beiteområdet, då det er gjennom søknadane behova for investeringstilskot kjem fram. Tiltak som sikrar best mogleg utnytting av beite i utmark, reduserer tap av dyr på beite, og fremmer fellestiltak i beiteområdet, blir prioriterte.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.02.2021

Historisk sett har vi vore restriktive til tildeling av tilskot til blant anna sankehyttene og elektroniske anordningar. Beitelaga har òg vore kjent med at tilskotspotten til Rogaland har vore liten. Dei har difor prioritert forskjellige søknadar til tiltak år for år, og har ikkje søkt etter meir enn det var rimeleg å forvente blei innvilga. Dialogen har vore tett med forvaltinga, og har gitt rasjonell saksbehandling og enklare prioritering.

Føringane nå er at det skal innvilgast vel 28 prosent eller meir av den totale potten til teknologi og elektroniske anordningar. Dette er kostbare investeringar som Rogaland tidlegare har sagt nei til. Statsforvaltaren i Rogaland har meldt frå at vi har eit auka behov for midlar til tilskot til investeringar i beiteområda som er i bruk gjennom organisert beitebruk (OBB).

Lokale retningslinjer

Som grunnlag for prioriteringane skal kommunane fastsetje lokale retningslinjer innanfor ramma i forskrifta og rundskriv 2019-45. Kommunane i Rogaland har vald å vidareføre felles retningslinjer mest mogleg i tråd med tidlegare praksis. 

Tiltak som sikrar formålet i § 1, med best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på beite, og fremme fellestiltak i beiteområdet er høgt prioritert. Det går på installasjonar som lettar tilgang og bruken av beite, tilsyn i beitesesongen, sanking og ettersanking på hausten. På grunn av liten tilskotspott har kostnadskrevjande prosjekt som for eksempel gjetar- og sankehytter, og elektroniske anordningar fått ein mindre prosentvis tildeling. Dette kan variere litt frå kommune til kommune.

Søk for å belyse behov

Det er viktig at beitelaga søkjer for å belyse behova, men i og med at potten er liten, er det òg viktig at de prioriterer tiltaka. Tiltak det kan søkjast tilskot til er til dømes sperregjerde, sanke-/skiljeanlegg, bruer, ferister, gjetar og sankehytte, anlegg/rydding/utbetring av driftevegar, saltsteinautomatar, transportrammar, teknologi og elektroniske anordningar som radiobjøllar, lammenoder, merkeavleser, findmysheep, dronar, Nofence mv. I tillegg kan det søkjast om tilskot til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt. Lista er ikkje uttømmande. Vi meiner det er viktig at tilskotet går til tiltak som kan vere med på å redusere tap på beite, betre tilsyn gjennom sesongen, og forenkle sankinga om hausten.

Søk gjennom Altinn

Beite-/sankelag som vil søkje om tilskot til konkrete investeringstiltak eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt må gjere det innan 15. mars 2021. Søknaden leverer beitelaget elektronisk gjennom Altinn.no. Det kan vere nødvendig å leggje ved vedlegg som til dømes kart over beiteområdet med plassering og nærmare beskriving av tiltaket, samt avtaler med grunneigar m.m.

Hjelp til å søkje

På heimesida til Landbruksdirektoratet finn de meir informasjon om ordninga og link til søknadsskjema i Altinn.no. De finn skjemaet på Altinn når de søkjer på «Tilskudd til tiltak i beiteområder». Her finn de òg god forklaring til utfylling. Sjå òg rundskriv 2019-45 som beskriv ordninga.

Kommunane tildeler tilskot 

Statsforvaltaren fordeler investeringsmidlane til dei ulike kommunane. Det er kommunane som behandler og prioriterer søknadene gjennom fagsystemet Agros. Etter søknadsfristen 15. mars 2021 sender kommunane ein prioritert oversikt over søknader og behov til Statsforvaltaren i Rogaland. Kommunane har frist til 31. mars 2021 til å sende oversikta. Statsforvaltaren fordeler deretter ut potten til kommunane og mellom kommunane etter innmeldt behov, slik at de igjen kan gjere vedtak. Vi har som mål at beitelaga i god tid før sommaren veit om dei har fått innvilga søknaden.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.