Sau og land, hand i hand

Foto: Birgit S. Hagalid.

Sau og lam på beitet - eit sikkert vårteikn. I saue-fylket Rogaland er det omkring 200 000 vinterfôra sauer som no er i gong med å lamme.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.04.2021

Lamminga er i full gong i fjøsa rundt om i fylket, og bøndene med hjelparar oppheld seg mykje av tida i fjøset for å få lamminga trygt i hamn. I år er det 2419 gardsbruk som mottek tilskot til vinterôra sau i Rogaland (figur 1).

Figur 1: Tal vinterfôra sauer (blå, venstre akse) og tal gardsbruk som mottek tilskot til vinterfôra sau (oransj, høgre akse) i perioden 1998 til 2021. Tala for 2021 er per 1. mars. Kjelde: SSB.
Figur 1: Tal vinterfôra sauer (blå, venstre akse) og tal gardsbruk som mottek tilskot til vinterfôra sau (oransj, høgre akse) i perioden 1998 til 2021. Tala for 2021 er per 1. mars. Kjelde: SSB.

Tal gardsbruk har gått jamnt nedover frå omkring 3100 i 1998 til 2419 per 1. mars 2021. Samstundes har tal vinterfôra sauer i Rogaland vore stabilt over tid på omkring 200 000. Med andre ord har det blitt færre og større sauebruk i fylket. 

Etter kvart skal både sau og lam ut på beitet til glede for dei sjølv og oss som kan nyte godt av kulturlandskapet som dei pleiar.

Foto: Birgit S. Hagalid.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.