Sal av mjølkekvote 2022

Frist for sal av grunnkvote er sett til 1. august 2022 med verknad 1. januar 2023. Årets jordbruksoppgjer gir ikkje endringar for dei som ønskjer å selja grunnkvote innan 1. august i år.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.06.2022

Frist for sal av grunnkvote for ku eller geit er 1. august 2022. Prisen ved sal av grunnkvote til staten er 4 kroner per liter for både ku og geit. Prisen ved privat sal av grunnkvote blir fastsett privat. Minst 40 prosent av den totale mjølkekvota som du sel må seljast til staten. 

Landbruksdirektoratet skriv at årets jordbruksoppgjer ikkje gir endringar for dei som ønskjer å selja mjølkekvoten innan 1.selje august i år.

Staten sel ut mjølkekvote som er selt til staten. Frist for å søkja om kjøp av kumjølkkvote frå staten er sett til 1. oktober 2022. Søknaden blir opna i starten av august, og kjøpet får verknad frå 1. januar 2023.

Det er ikkje mogleg å kjøpa geitemjølkkvote frå staten.

På nettsidene til Landbruksdirektoratet kan du kan lese meir om sal av mjølkekvote og kjøp av kumjølkkvote frå staten. 

Treng du hjelp, kan du kontakta landbruksdirektoratet pr. e-post melkekvoter@landbruksdirektoratet.no eller på telefon 78 60 60 00.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.