Sal av mjølkekvote 2023

Løsdrift Bjerkreim

Eigarar av eigedom med grunnkvote kunne i 2023 velje om dei ville selje heile eller deler av kvoten privat eller til staten.

Publisert 17.08.2023

Reglene for sal av mjølkekvote i 2023 vart som følgje av årets jordbruksoppgjer endra. Endringa gav moglegheit for at eigarar av landbrukseigedom med grunnkvote kunne velje om dei ville selje heile eller delar av kvota til private kjøparar innanfor same produksjonsregion. Ved sal av grunnkvote må ein vanlegvis selje ein bestemt prosent til staten. Det vil heler ikkje være mogleg og kjøpe kvote av staten i 2023.

Fristen for å melde inn sal av grunnkvote gjekk ut 1. august. I Rogaland er det no registrert sal av totalt  6 879 951 liter frå 62 eigendomar. Det er  5 824 302 liter meir enn totalt sal i 2022 frå 50 fleire føretak. All sal av mjølkekvote i 2023 er registrert som privat sal. Totalt er det no registrert kjøp av kvote på 75 eigendomar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.