Rådgjevarar blir gjort tryggare i møte med bønder i vanskelege situasjonar

Arrangørane av "Betre bondevelferd". Frå venstre prosjektleiar Helga Hellesø - Rogaland landbrukspark, Hanne Elin Herrebrøden - Statsforvaltaren, Siri Haugland - Prima slakt, Bengt Egil Elve - Nortura og Siv Undem - Fatland.

Bondevelferden må passast på - for når det går gale, så kan det gå skikkeleg gale for dyr og folk.

Publisert 12.05.2025

Det er vanskeleg å seie ifrå til bønder som slit at dei treng hjelp. Prosjektet «Kompetanseheving for bedre bondevelferd» handlar om å gjere dei som er tettast på bøndene meir robuste til å tore å spørje korleis det går og å seie i frå til dei som kan hjelpa. For målet er å førebygge tragediar i landbruket.

Bry deg!

Det er ikkje alltid at det er den næraste familien som klarer å sette ord på tilstanden til bonden og situasjonen på garden. Gjerne er det veterinæren eller rådgjevaren frå slakteriet, meieriet, banken, rekneskapslaget, landbruksrådgivinga, kommunen eller Mattilsynet som fagleg er tettast på bonden og som har best innsikt i produksjon og drifta. Kanskje er det den gode naboen.

Stegvis kunnskapsbygging

Forleden dag var rådgjevarar og veterinærar samla på Solastranden gård til fagleg oppbygging. Sidan hausten 2022 har det vore gjennomført samlingar der tema har vore erfaringar frå bønder, familieterapi, rollane til veterinæren og Mattilsynet, krisehandtering, omstillingsbehov, Bondens nettverk og mykje meir.

Denne gangen handla det om å forstå følelsar, korleis dei heng saman med handlingar og å handtere aggresjon. Lone Viste som er klinisk spesialist i psykiatrisk sjukepleie ved Stavanger universitetssjukehus, held dei faglege innlegga.

Innsikt i personen sine følelsar

Lone Viste  fekk fort merksemda til forsamlinga da hu starta føredraget med å sette menneske i fokus og å forstå kva som påverkar oss og vårt reaksjonsmønster. Vi må forstå forskjellen på følelsar og handlingar, og kvifor aggresjon oppstår, for å kunne handtere det best mogleg i praksis. Grunnar til aggresjon kan vere at personen har redsel for kva som kan skje, er frustrert, føler avmakt, er overarbeida, har økonomiske bekymringar eller føler sorg.

Gode råd om kommunikasjon

Mykje handlar om korleis det blir kommunisert både munnleg og kroppsleg. Tilhøyrarane fekk mange aha-opplevingar og dei kjende seg igjen i mange av dei eksempla som Lone Viste dramatiserte. Personar som har problem, vil gjerne dekke over det, seie at dei har kontroll, at dei er fullstendig ueinig med rådgjevaren og regelverk og kan vere aggressive eller handlingslamma. I møte med personar som er i ein vanskeleg situasjon, oppmodar Viste deltakarane om å skape trygge rammer, vere open og tillitvekkande, bruke tid og vere lyttande.

Samlinga var ein del av prosjektet «Kompetanseheving for bedre bondevelferd», der initiativtakarane er Nortura, Prima og Fatland. Prosjektet er støtta av Rogaland fylkeskommune.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.