Pelsdyrproduksjonen er nær avvikla i Rogaland

Mink med ungar.
Mink. Foto: Arne J. Lyshol / Statsforvaltaren i Rogaland.

I 2018 hadde kvar tredje pelsdyroppdrettar i Noreg bustadadresse i Rogaland, og nær 50 prosent av verdiskapinga i pelsdyrnæringa skjedde i vårt fylke. No visar det seg at avviklinga går mykje raskare enn forventa. 64 av 69 oppdrettarar med minkproduksjon har avvikla produksjonen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.02.2021

54 oppdrettarar så langt fått utbetalt til saman 175 millionar kroner i kompensasjon for avvikling av hald av pelsdyr. Dei siste søknadene er venta inn i løpet av februar.

Pelsdyroppdrettarane treng omstillingsmidlar

Behovet for omstillingsmidlar er derfor stort, og for mange er det frustrerande å få avslag eller melding om at det er tomt for omstillingsmidlar hos Innovasjon Norge. Dette handlar om personar, verksemder og familiar som har vore gjennom ein krevjande 3- årsperiode etter at vedtak om nedlegging kom i januar 2018. Dei aller fleste oppdrettarane vil vidare. Dei er klare for å starta på noko nytt, og er flinke til å mobilisere eigne ressursar som arbeidskraft og pågangsmot. Men, dei manglar kapital! Og tida renn ifrå dei. Mange opplever at kompensasjonen ikkje dekker verdiane som går ut av produksjon, og dei er difor heilt avhengige av å få støtte for å kome i gong med noko nytt på gardane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.