Nok egg til påskefrukosten i år

Marknadssituasjonen for egg i påska ser bra ut, så vi kan ta det heilt med ro – påskefrukosten er redda.
Publisert 24.03.2026

Norsk egg- og kjøttråvare (NOEK) er Nortura sin eining for marknadsregulering. Oppgåva deira er å utarbeida prognoser, føreslå tiltak for marknadsbalanse og ivareta mottak- og forsyningsplikta. I år er marknadsbalansen for egg før påskeveka god, og det vil vera nok egg i butikkhyllene. 

10 nye eggprodusentar i Rogaland i 2025

Frå 2022 til 2025 har det vore ein marknadssituasjon frå overdekning til underdekning av egg. I 2025 blei det rekruttert 31 nye eggprodusentar for å betre marknadsbalansen, 10 av desse var i Rogaland. Tala gjenspeglast i tal søknader om produksjonstilskot. I 2025 søkte 184 føretak om produksjonstilskot til verpehøner, ein auke på 7 føretak frå 2024.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.