Meir tilskot til beitebruk i jordbruksoppgjeret
Staten har i jordbruksoppgjeret for 2026 prioritert å styrka dei beitebasert produksjonane, særleg sau og ammeku. Det gir sterkare økonomiske signaler om å bruke utmarka, og satsa på gras- og beitebasert produksjon.
Ammeku og sau er produksjonane som har lågast inntekt i jordbruket, ifølgje tal som ligg til grunn for jordbruksoppgjeret. Difor har det vore viktig for faglaga å styrka innteninga til sau- og ammekuproduksjonane. Sluttprotokollen mellom forhandlingspartane viser at jordbruksoppgjeret skal betre rammevilkåra for sau og ammeku. Difor har partane gitt auke i satsane for tilskotsordningane, blant anna beitetilskot for å bidra til bruk av gardens ressursar.
Utvikling i tilskot til utmarksbeite
Utviklinga i tilskot for beitetilskot og utmarksbeitetilskot har hatt ein betydeleg auke frå 2021. Utbetalt tilskot til utmarksbeite til sau og storfe i Rogaland frå 2021 til 2024 har hatt ein auke frå 85 millionar til 202 millionar kroner. Jordbruksoppgjeret 2026 tyder på ytterlegare auke av tilskot til beitenæringa.

Kjelde: Søknad om produksjonstilskot, Landbruksdirektoratet.
Beitedyr i Rogaland
Tal frå søknad om produksjonstilskot gir ein god indikasjon på om staten si satsing på beitebruk gir effekt på tal omsøkte dyr. Tabellen under viser at auka tilskotssatsar for utmarkbeite har hatt liten effekt på tal beitedyr i fylket. Endring i utbetalt tilskot gjenspeglar høgare sats, men tal omsøkte dyr er tilnærma uendra.

Effekten av endring av tilskotssatsane (beite, utmarksbeite) for sau og ammeku er fyrst og fremst for å auka innteninga og styrka økonomien for desse produksjonane. Statistikken viser at tilskotsauke til utmark ikkje har gitt meir beitebruk i utmarka i Rogaland.