Medarbeidarar søkjast til nasjonalt kontrollprogram for storfetuberkulose
Etter påvising av storfetuberkulose i Suldal er overvakinga av storfebuskapar styrkt i delar av Sørvest-Noreg. For å sikre ei trygg og effektiv gjennomføring av testinga, søkjer TubTeam medarbeidarar til oppdrag på gardar i Rogaland frå hausten 2026.
I 2022 vart det påvist storfetuberkulose i Suldal. For å redusere risikoen og få betre oversikt over smittestatusen, har Veterinærinstituttet og Mattilsynet utvida det nasjonale overvakings- og kontrollprogrammet med systematisk tuberkulintesting av storfe.
Krevjande testing
På bakgrunn av smittesporing er om lag 1000 gardar valde ut for testing over ein femårsperiode. Dei fleste ligg i Rogaland og Vestland, medan nokre ligg i Agder.
Rogaland er særleg utsett på grunn av høg dyretettleik og ein stor del intensive storfeproduksjonar. Testinga omfattar heile buskapar og må gjennomførast to gonger med 72 timars mellomrom. Dette stiller store krav til bemanning, koordinering og fagleg forsvarleg handtering av dyr.
Sjølve testinga er krevjande for bøndene. For å sikre ei trygg, effektiv og fagleg forsvarleg gjennomføring av testinga blir det etablert eigne team som kan bistå under testinga.
Trygg tuberkulosetesting søkjer etter medarbeidarar
Tuberkulosetesting av storfe er eit samarbeid mellom Mattilsynet, avløysarlaga og bondelaga i Rogaland, Vestland og Agder.
Gjennom prosjektet Tubteam skal teamene bistå bønder og Mattilsynet med ekstra personell under testinga, med særleg vekt på dyrevelferd, smittevern og helse, miljø og tryggleik (HMS).
Tubteam er mellom anna finansiert av regionale tilretteleggingsmidlar frå Rogaland fylkeskommune. Midlane kjem frå Jordbruksavtalen.
Interessert?
TubTeam søkjer medarbeidarar til deltids- og tilkallingsstillingar i Rogaland. Arbeidet går føre seg på gardsbruk og omfattar praktisk bistand under testing, handtering av dyr og støttefunksjon for bønder og Mattilsynet. Stillinga passar for personar med erfaring frå storfehald eller anna praktisk landbruksarbeid. Tilsette får nødvendig opplæring i smittevern, dyrevelferd og trygg dyrehandtering. Arbeidsmengda vil variere gjennom året, med størst aktivitet om hausten og vinteren. Det blir oppstart i løpet av hausten 2026.
Søknadsfristen er 1. september.
Meir informasjon og spørsmål om søknad rettast til:
Marianne Osmundsen Bø, Rogaland bondelag
Epost: marianne.osmundsen@bondelaget.no
Tlf: 959 22 819