Korleis er utviklinga for dei bevaringsverdige husdyrrasane?

Blæset sau (Foto: Sissel C. Endresen)

NIBIO har publisert nøkkeltala for 2021 frå Norsk genressurssenter. Framleis er interessa for bruk av bevaringsverdige storferasar stor i ammekubesetningar. Populasjonen for sau har mindre endringar, kun to rasar har hatt ein nedgang.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.06.2022

Norsk genressurssenter har ansvar for å overvåka og rapportera status for norske bevaringsverdige genressurser, og rapporten publisert av Nibio er eit viktig bidrag i dette arbeidet. Rapporten gir oversikt over status for bevaringsverdige husdyr, skogstrær og kulturplanter. I denne artikkel gjer vi greie for utviklinga for storfe og sau, og tala er basert på rapporten Nøkkeltall for 2021 fra Norsk genressussenter. Tekst og tabellar er basert på rapporten. 

Storfe

Noreg har seks bevaringsverdige landrasar; vestlandsk fjordfe, dølafe, telemarksfe, austlandsk raudkolle, vestlandsk raudkolle og sida trønder-og nordlandsfe (STN). Interessa for å ha bevaringsverdige storferasar i besetninga er aukande, spesielt i ammekubesetningar. Frå 2018 har tal mjølkekyr av desse rasane vore stabil på om lag 1300 dyr, men tal ammekyr har auka frå 2400 til 3200.Kart - avlskyr fordelt på fylke.png

Tabellen nedanfor syner effektiv populasjonsstorleik frå 1991 til 2020 delt inn i tre periodar. Dei fleste rasane, utanom sida trønder- og nordlandsfe, hadde svært få individ på starten av 90 talet. Utviklinga i populasjonsstorleik er positiv for alle storferasane, og eit høgt tal syner ei god forvaltning av avlsmateriale. Eit lågt Ne, som for telemarksfe og austlandsk raudkolle, kan forklarast med eit begrensa tal på seminoksar som gjer grunnlag for dagens populasjon. For austlandsk raudkolle gjenspeglar NE talet den svært låge populasjonen rasen hadde kring 1990 då det bare var i overkant av 10 avlskyr att. Rapporten syner til at Ne bør vere mellom 50 og 100 for at populasjonen skal oppretthalde den genetiske variasjonen på eit berekraftig nivå.Effektiv populasjonsstørrelse.png

Sau

Dei bevaringsverdige sauerasane i Noreg er rygja, grå trønder, dala, blæset, fuglestadbroket og steigar. To sauerasar har nedgang i populasjonsstorleik det siste året, dette gjeld gamalnorsk spælau og grå trøndersau. Tal gamalnorsk spælsau er høgt nok til at rasen ikkje er definert som bevaringsverdig. Populasjonen for grå trøndersau har hatt ein reduksjon på 2 %. Rapporten konkluderar med at nedgangen kan skuldast tilfeldigheiter eller at talet stabiliserer seg på kring 1500 avlssøyer.Antall søyer av bevaringsverdige saueraser.png

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.