Husdyrkonsesjon i særlege tilfeller

Når det oppstår sjukdomsutbrot, brann eller ved anna særlege tilfelle knytt til drifta kan produsentar som driv med svine- og fjørfeproduksjon søkja om konsesjon.

Publisert 17.08.2023

Kraftfôrkrevjande produksjonar som fjørfe og svin er regulert i lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen omtalt som lova. Formålet med regelverket er å fordela svine -og fjørfeproduksjonen på fleire einingar ved å setta grenser for produksjon hos kvar enkelt produsent. Svine– og fjørfeprodusentar som produserer over grensa for konsesjonsfri produksjon må ha konsesjon. Konsesjonen må være innvilga det året produksjonen overstig grensa. Kjem produksjonen over konsesjonsfri grense eller innvilga konsesjon, kan ein bli pålagt å betale standardisert erstatning til Omsetningsrådets fond for overproduksjonen.  

Hovudregelen for å få innvilga konsesjon, er at søkjaren overtar eller leiger eit anlegg med konsesjon, eller etablerer ein purkering. Det betyr at det som hovudregel ikkje blir innvilga konsesjon til anna enn når ein overtek eller leiger anlegg som har fått innvilga konsesjon etter gjeldande reglar. Ifølgje lova § 4 andre ledd, er det mogleg å søkje om konsesjon ved «særlege tilfelle» når det ikkje gjeld overtaking eller etablering av purkering.

Moglegheita for å få innvilga konsesjon under særlege tilfeller er snever. Dette går fram av rundskrivet som gir utfyllande kommentarar til tolking av lova. Det betyr at årsaka må vera tungvegande og er knytt til særlege forhold til drifta. Døme på å innvilge konsesjon for eit enkelt år kan vera sjukdom i besetninga, brann og likande. For å gi midlertidig konsesjon i desse tilfella, skal det økonomiske tapet ikkje vera dekka av andre ordningar.

Produsentar som driv med svine- og fjørfeproduksjon, må vera kjent med husdyrkonsesjonsregelverket. Lenker til regelverket finn du på Landbruksdirektoratet si nettstad- og til høgre i denne artikkelen. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.