Kommunar og vaktdistrikt kan søkje stimuleringstilskot for å sikre veterinærtenester

Tilskotet skal bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område. Frist for å søkje er 8. april!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.01.2022

Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringsstøtte for å oppretthalde kommunale veterinærstillingar. Den tilsette kan òg bidra til å løysa andre oppgåver i kommunen som krev veterinærkompetanse.

Landbruksdirektoratet har laga ein rapport som syner næringsgrunnlaget i kommunen. Alle kommunar kan søkje, men Statsforvaltaren skal fordele midlane der det er størst behov. Fleire kommunar kan samarbeide og sende felles søknad for eit vaktdistrikt. I slike tilfelle skal administrasjonskommunen søkje.

Stortinget har løyvd totalt 33,401 millionar kroner i stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2022. Dette er 965 000 meir samanlikna med 2021. Statsforvaltaren i Rogaland har fått 568 000 kroner til fordeling i 2022, som er ein marginal auke på 2 000 kroner frå 2021.

Lever søknaden i Altinn

Kommunen søkjer via Altinn om stimuleringstilskot. Skjemaet heiter «Stimuleringstilskudd til veterinærdekning». Søknadsfristen er sett til 8. april 2022.

Prioriteringar for tilskot

Statsforvaltaren vil prioritere stimuleringstilskot til:

  • kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og/eller med låt dyretal og krevjande infrastruktur.
  • kommunar som har vanskar med å rekruttere og halda på veterinærar, og som har, eller vil, etablere hensiktsmessige tiltak for å avhjelpe situasjonen.
  • der stimuleringstilskotet er hensiktsmessig for å bidra til å sikra tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.

Prøveordning for kommunar i 2022

For 2022 gjeld ein prøveordning for kommunar som har utfordringar med å få nok veterinærar til å delta i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Kommunane kan for 2022 stilla krav om deltaking i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid for å få stimuleringstilskot til veterinærdekning. Ein føresetnad for eit slikt krav er at kommunen sitt bruk av tilskotet er i tråd med føremålet med stimuleringstilskotet.

Kommunar som stillar krav om deltaking i vaktordninga skal rapportere særskilt om dette til Statsforvaltaren ved den årlege rapporteringa om bruk av midlane.

Lenkje til Rundskriv 2021-48: «Stimuleringstilskudd til veterinærdekning for 2021 og informasjon om ordninga og skjema finn du i margen.

Rapporteringsfrist for kommunar 

Rapporteringsfrist om bruk av tildelte midlar er sett lik fristen for å søkje om stimuleringtilskot, det vil seie 8. april 2022. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.