Kadaverhandtering ved krise

Eit utbrot av munn- og klovsjuke vil ramma Jæren hardt grunna høg dyretettleik. Foto: Janne Breivik
Eit nytt delprosjekt skal styrkja beredskapen for kadaverhandtering ved alvorlege dyresjukdomar i Rogaland. Etter eit breitt samarbeid mellom næring og forvaltning peikar erfaringar frå forprosjektet på behov for betre løysingar, tydelegare roller og auka kapasitet.
Publisert 06.05.2026

Statsforvaltaren tok i 2022 initiativ til forprosjektet «Kadaverhandtering ved krise». Føremålet med prosjektet var å finne gode løysningar for rask og effektiv kadaverhandtering som avgrensar smitte og reduserer konsekvensane for landbruket og samfunnet.

Sårbar husdyrnæring krev førebuing

Rogaland har ein tett husdyrbestand som gjer oss sårbare ved utbrot av alvorlege dyresjukdomar. Smittepotensialet ved utbrot av til dømes munn- og klovsjuke i Rogaland er stort, og næringa er avhengig av rask nedkjemping for å minimera konsekvensane. Difor er det nødvendig at det på førehand er kartlagt metodar for kadaverhandtering og problemstillingar knytt til dei ulike metodane. Metodane som blei evaluerte i prosjektet er forbrenning, gjenvinning, nedgraving på staden, deponi og brenning i friluft. 

Brei innsats for trygge løysingar

Prosjektet var eit samarbeidsprosjekt mellom prosjekteigar Rogaland bondelag, Veterinærinstituttet, Mattilsynet, Statsforvaltaren og fleire aktørar frå næringa og det offentlege. Prosjektrapporten har greidd ut fordeler og ulemper med dei ulike metodane knytt til å eliminera smittestoff på ein sikker måte og som har tilstrekkeleg kapasitet. Rapporten konkluderte med at deponi er eit godt eigna alternativ for handtering av store volum, men at transport til deponi, og handtering på deponi må kartleggast vidare. 

Samhandling er nødvendig 

Rapporten peikar på viktigheita av godt samarbeid, tillit og rolleforståing mellom forvaltninga, næringa og driftsansvarleg på garden. Det er avgjerande faktorar for å utrydda sjukdom raskt og effektivt. Prosjektet har konkludert med at næringa og andre private aktørar ikkje er godt nok førebudd på å bidra inn i store hendingar på kort varsel. Det er usikkerheit knytt til økonomi, rutinar og instruksar for dei som skal bidra aktivt i hendinga. 

Vegen vidare

Prosjektet har kartlagt fleire utfordringar som vil oppstå som følgje av eit stort smitteutbrot hos husdyr. Det er viktig at Mattilsynet kan gjere raske avgjersler på eit godt avgjerdsgrunnlag. Neste steg i prosjektet er å greia ut moglegheita til å legge til rette for kadaverhandtering ved Svaaheia avfall AS på ein forsvarleg og effektiv måte. Delprosjektet er eigd av Eigersund kommune (A-eigar) og Statsforvaltaren i Rogaland (B-eigar). Prosjektleiar er Tor Egil Håland, dagleg leiar hos Svaaheia avfall AS. Prosjektet har fått tildelt 200 000 kroner i skjønnstilskot for å avklare behovet for eit felles deponi for sør-Rogaland, for å isolera smitteutbrot blant dyr. I tillegg har Statsforvaltaren i Rogaland øyremerka 100 000 kroner til finansiering av prosjektet. Oppstart av prosjektet er våren 2026.  

Rapporten frå prosjektet finn du i eiga lenke. Prosjektet blei rapportert i Fylkesnytt 1/2025.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.