Ekstra bevilging av stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2025

Landbruks- og matdepartementet har overført 2,5 millionar kroner ekstra til stimuleringstilskot for 2025. Landbruksdirektoratet tildeler midlar til embeta som meldar om behov for ekstra stimuleringstilskot.
Landbruks- og matdepartementet har overført ytterlegare 2,5 millionar kroner til stimuleringstilskot for 2025. Landbruksdirektoratet har fått ansvar for å fordela midlane til statsforvaltarane, som vidare skal tildele midlane til kommunar og vaktområder som har behov for ekstra stimuleringstilskot i 2025.
Statsforvaltarane skal sende ein oversikt over dei kommunane/vaktområda vi meiner bør prioriterast for tildeling, og oppgje beløpet det er behov for. Landbruksdirektoratet vil fordele midlane mellom embeta med utgangspunkt i våre innspel og tilgjengeleg ramme.
Dette er ikkje ein ny utlysing for dei ledige midlane, og vi skal ikkje foreta ny tildelingsrunde. Vi skal ta utgangspunkt i søknadane vi har fått om stimuleringstilskot for 2025 for våre prioriteringar.
Rogaland fekk tildelt totalt 640 000 kroner i stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2025. Omsøkt behov var 2.342.000 kroner, det betyr at vi har ein underdekning på 1.702.000 kroner i 2025.
Kontaktpersonar
-
Janne Breivik
Tlf: 51 56 87 85