Tilskot til bygging av gjødsellager

Fekk den noko seine våren deg til å tenke på lagerkapasitet for husdyrgjødsel? Det er mogleg å søkje Innovasjon Norge om støtte til å bygge nytt gjødsellager. Kommunen kan også løyve SMIL-midlar til tak/dekke over eksisterande gjødsellager.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.04.2023

Nytt lager

Innovasjon Norge kan gi tilskot til å bygge nytt lager for husdyrgjødsel eller biorest, både med eller utan gjødselseparator. Frå 2023 er det krav om at lageret må byggast med fast toppdekke. Med fast toppdekke meinast anten tak, presenning med stativ eller flytedekke. Du må søkje før du startar på arbeidet med å bygge/inngår bindande kontrakt med nokon som skal utføre arbeidet. Innovasjon Norge kan maksimalt støtte 25 prosent av godkjend kostnadsoverslag, og den øvre grensa for tilskot er 200 000 kr per prosjekt.

Les meir om korleis du søkjer på heimesida til Innovasjon Norge: https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/landbruk/finansiering-for-landbruket/tradisjonelt-landbruk/

Tak over eksisterande gjødsellager

Dekke over gjødsellager kan redusere utslepp til luft, særleg tapet av ammoniakk, og er eit av fleire klimatiltak i jordbruket. Reduserte utslepp av gjødselgassar frå gjødsellager er òg positivt for omgivnadane. Kommunen kan løyve tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) til tak over gjødsellager. 

For å få SMIL-tilskot må søkjaran:

  • Ha ei drift som kvalifiserer for produksjonstilskot,
  • Ha nok lagerkapasitet for husdyrgjødsel til å oppfylle minstekrava i forskrift om organisk gjødsel, og
  • velje takløysning av varig karakter tilpassa det aktuelle lageret. Presenning med stativ eller flytedekke kan også godkjennast.

Likt som for tilskot frå Innovasjon Norge må du søkje på førehand. Statsforvaltaren har tilrådd kommunane å maksimalt støtte 35 prosent av godkjende kostandar, med ei øvre grense på 150 000 kr. Dersom tiltaket i tillegg har fått/får støtte frå Innovasjon skal ikkje samla offentleg tilskot overstige 35 prosent av kostnadsgrunnlaget. Ta kontakt med din kommune om du har spørsmål til SMIL-ordninga.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.