Ny GDE-kalkulator

Gjødselspreiing
Gjødselspreiing Foto: Nono Dimby.

Forskrift om organisk gjødsel regulerer bruk og lagring av husdyrgjødsel. Husdyrgjødsel kan berre nyttast på areal godkjend som spreieareal , og GDE-kalkulatoren er eit hjelpemiddel for å berekne tal gjødseldyreiningar (GDE) og krav til spreieareal på eit landbruksføretak.

Publisert 21.09.2023

Kva er spreieareal?

Eigd eller leigd fulldyrka jord og overflatedyrka jord er automatisk spreieareal. Innmarksbeite og ev. anna areal kan inngå i eit spreieareal om kommunen etter søknad, har gitt sin godkjenning. Ein føresetnad for at eit beite kan bli godkjent som spreieareal er tilstrekkeleg årleg avbeiting på arealet.

Leige eller utleige av spreieareal?

Føretak med mykje husdyr i høve til arealgrunnlaget har ofte for lite spreieareal. Dette gjeld til dømes mjølkeproduksjon med mykje innkjøpt grovfôr og føretak som bruker mykje kraftfôr (svin og fjørfe).

Leige av spreieareal eller levering av gjødsel til andre føretak med ledig spreieareal er da ei løysing. Ein leigeavtale mellom leverandør og mottakar er eit krav. Bonden kan sjølv transportere gjødsla eller engasjere andre til å utføre jobben. Utlevering/mottak av husdyrgjødsel må dokumenterast. Motteken gjødsel må inkluderast i gjødslingsplana til føretaket som disponerer arealet i sin drift.

Overskot av husdyrgjødsel kan etter avtale òg leverast til firma som foredlar husdyrgjødsla for sal til aktørar i og utanom landbruket. Kvittering for mengde levert husdyrgjødsel er eit krav.

Spreiearealet skal tilpassast dyretalet

Mengde husdyrgjødsel som kan spreiast på spreieareal er etter forskrift, avgrensa. Gjødsla ei mjølkeku produserer i 1 år utgjer 1 gjødseldyreining (1 GDE), og krev minimum 4 dekar spreieareal. GDE for andre dyreslag blir korrigert mot ei mjølkeku med ein faktor som ligg i forskrift om organisk gjødsel. Summen av GDE frå alle husdyr på ein gard utgjer arealbehovet for spreieareal.

GDE-kalkulatoren

GDE-kalkulatoren er til hjelp for å vurdere behov for spreieareal og er til fri bruk. Kalkulatoren tar ikkje høgde for alle former for husdyrhald på gardsbruk. Dialog direkte med bonden og ev. fagfolk kan gi ei meir korrekt GDE-berekning. Dei som er med i purkering (NAV eller satellitt), eller har eingongspurker er døme der dialog under GDE-berekning er tilrådd.

I arealopplysningar skal eigd/leigd jord, og leigd eller utleie av spreieareal etter inngåtte avtalar leggjast inn.

Beiting i utmark og på innmarks som ikkje er spreieareal kjem til fråtrekk i GDE-berekningane. Overskot på gjødsel frå fjørfe blir ofte levert til firma som foredlar husdyrgjødsel for sal til aktørar i og utanom landbruket. GDE-berekning basert på volum av fjørfegjødsel er difor mogleg i kalkulatoren.

Forbod mot husdyrgjødsel i utmark

Det er ikkje lov å spreie husdyrgjødsel i utmark, sjølv om arealet tidlegare har vore innmark. Disponering av husdyrgjødsel som ikkje er i samsvar med regelverket kan gi fare for ureining og tap av naturmangfald. Heile eller delar av produksjonstilskotet kan bli avkorta ved brot på regelverk om gjødsling og forureining frå eit landbruksføretak. I ekstra alvorlege saker kan kommunen vurdere melding til politiet, som kan gi straff i tillegg til eventuelt tvangsgebyr og avkorting i tilskott.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.