Høgt engasjement under fagmøte "Framtidas dyrehold" på Undheim og i Tysvær

Opningsforedrag ved prosjektleiar Hanne-Elin Herrebrøden frå Statsforvaltaren
Opningsforedrag ved prosjektleiar Hanne-Elin Herrebrøden frå Statsforvaltaren Foto: Sissel Endresen / Statsforvaltaren i Rogaland.

Mange bønder og fleire tilknytta næringsaktørar var til stades under fagmøte med tema dyrevelferd og dyrehelse i sist veke. Her blei det foredrag og meiningsutveksling om kalvestell, spesifikk patogen fri gris og dyrevelferdsprogrammet for sau.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.05.2022

Satsinga Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland arrangerte den 10. og 11. mai opne stormøte. Her var det faglege innlegg frå fagfolk frå Animalia, Norsvin og Veterinærinstituttet på dyreslaga storfe, gris og sau. Det vart to gode møte med god meiningsutveksling.

Kalvstell og forholdet mellom ku og kalv

Cecilie Mejdell, frå Veterinærinstituttet, fortalde at 50 – 70 prosent av norske kyr har immunstoffar i mjølka som er under anbefalt nivå. Det gjer at ein ofte må kompensere med auka mengde mjølk til kalven. Forsøk viste at kalven fint kunne tåle mykje meir enn kva den vanlegvis får tildelt. Mejdell kunne også fortelje at dei såg samanheng mellom manglande tilgjengelegheit på vatn og kalvedødelegheit.

Vidare fekk me høyra om forsøket SUCCEED og smartCalfCare, som omhandla forsking på banda mellom ku og kalv, og moglege løysningar for å halde dei saman. Forsøk slo fast at forholdet mellom ku og kalv er komplekst, og handla om meir enn berre ernæring. Forsøk avdekka at ku og kalv saman gav auka tilvekst og smartare kalvar, men også ein del utfordringar. 

Eit viktig punkt om ein ønskjer å forsøkje seg på å halde ku og kalv saman var; unngå å ta bort mjølk og mor samtidig! Mejdell avslutta med å informere om at meir forskingsbasert kunnskap er på veg.

SPF gris for auka inntening og klimavinnar

Øystein Moen frå Norsvin og Harald Pedersen frå Fatland kom med eit klart bodskap. Frå konvensjonell til Spesifikk patogen fri gris (SPF) vil høgst sannsynleg gje bonden auka inntening. Her blei det trekt fram; lågare dødelegheit, sjukdom og fòrforbruk, høgare tilvekst og kortare framfôringstid. Desse faktorane gir til saman ein CO- reduksjon på 13 prosent – og ikkje minst moglegheit for auka trivsel for bonden!

I følgje Norsvins berekningar kan ein smågrisprodusent med 100 purker som sanerer til SPF, auka innteninga med omkring 208 000 kroner pr. år, og tilsvarande 126 700 kroner for ein kombinertproduksjon med 48 purker. Legg ein til auka giv hos bonden, vart tala endå betre. Til slutt fekk me høyre prosjektleiar Olav Tjelta frå SPF Rogaland & Vestland fortelje om kva dei kan bidra med, og korleis SPF i praksis kan gjennomførast.

No skal sauen også med

På møta blei den første, offentlege framvisinga av status for arbeidet med det komande dyrevelferdsprogrammet på sau halde av Siv Svendsen frå Animalia. Me fekk ein gjennomgang av arbeidet og dei avklaringane som er på plass. Det er dei som har meir enn  30 vinterfôra sauer som skal ha besøk frå ein veterinær kvar 18. månad. Besøket vil maksimalt ta 2 timar, og det vil bli fokus på dyrebaserte indikatorar, samt nokre ressursbaserte indikatorar og intervjuspørsmål om rutinane til røktar.

Bøndene skal også gjennomføre eit obligatorisk kurs. Dette kurset kjem høgst sannsynleg til å bli inkludert som ein modul i kursserien Sau 360, som er ein serie som tar for seg årshjulet til sauen. Deltakarane blei oppfordra til å komme med innspel om ønska innhald, og det kom fleire gode forslag frå salen.

 

Me i prosjektet vil takka for gode foredrag, og gode innspel frå engasjerte deltakarar.  

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.