Sommarens vakraste eventyr må vere dyr på beite

Øyestøl Beitelag

Mor med lam på vårbeite i grøne enger i fint vårvêr er eit av bileta vi gjerne vil syne frå Rogaland sitt landbruk på sitt beste. Heiabeiting på sommaren er kanskje ikkje like synleg. Utnytting av utmarka til beiting er ein næringsressurs, og det ligg mykje arbeid bak å nytte denne ressursen. Beiting er også viktig for klima og miljø, og pleie av kulturlandskapet og heia reduserer gjengroing.

Publisert 19.07.2021

Årleg sendes om lag 110 000 sau og lam til heis frå Rogaland. Det svingar litt mellom åra, og tala våre viser ein svak nedgang dei sist 5 åra. - Dette heng direkte saman med nedgangen i dyretalet dei siste åra, seier Jostein Seldal frå Jæren Smalalag. Jæren Smalalag sender opp om lag 40.000 dyr til heis, og er dermed det største beitelaget i Rogaland sjølv om mykje av beitene til ligg i Agder.

Viktig ressurs

Det ligg mykje arbeid i heiabeiting, og det kostar å sende dyra til sommarbeite. Pengekostnaden har god dekning av utmarksbeitetilskotet, men dette handlar om mykje meir enn økonomi. Beite er ein ressurs som må nyttast, og det ligg rike tradisjonar og mykje kunnskap bak drifting av smalene til sommarbeite i heia.

Organisering i beitelag

Vi har òg hatt kontakt med Sigmund Skjæveland og lånt bilete frå hans album på facebook etter avtale. Sigmund har lag erfaring med heiabeiting, og er opptatt av å overføre kunnskapen han har tileigna seg gjennom åra til dei som kjem etter. Heiasjefen (gjetaren) må kjenne beiteområde, og spesielt områda (heptene/skårfeste) der dyra kan gå seg fast.

På mange område er vi heldige i Rogaland. Tradisjonane står sterkt, og det er mykje god kunnskap som blir direkte overført frå den gamle og erfarne sauebonde til dei yngre slik dei er klar når deira tid kjem. Tapstala er også låge, og vi har lite tap til rovdyr. Beiting er i stor grad organisert gjennom om lag 50 beitelag i Rogaland. Denne organiseringa gir grunnlag for både samarbeid om sending av dyr til heiabeite, men ikkje minst til gjeting gjennom sesongen, og god organisert sanking og ettersanking på hausten.

 

Foto: Sigmund Skjæveland, Øyestøl Beitelag.

Dette bilete er tatt nesten frå toppen av Sirliknuten. Her ser vi beiteområda til fire beitelag. Der fotografen står og til venstre beiter Ørsdølane. Nedunder går Kvitladalen med elva som skifte til Kvitlaheia. Det store vatnet er Bergevatnet. Toppane mot himmelen til venstre for vatnet og område rundt er Jensaheia. Desse tre beitelaga ligg i Rogaland. Fylkesgrensa med Agder går gjennom Bergevatnet, og følger elva ned forbi Støle. Øyestølheia beitelag beiter på Agdersida, og grenser til dei tre andre laga.

 

Foto: Sigmund Skjæveland.

I år er heiane grøne og fine. Det er lite snø att, og Seldal seier at det er i år med mykje snø i heia, at ein vanlegvis hentar heim dei finaste lamma. Kjøt frå sau og lam på hausten frå heiabeite er eit 100 % reint produkt. Det kan vi trygt halde fram, og vere stolte av. Beitedyra foredlar utilgjengeleg vegetasjon om til protein som vi menneske kan leve av.

 

Drifting av sau med lam til sommarbeite på heia. Foto: Sigmund Skjæveland, Øyestøl Beitelag.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.