Grovfôrsesongen har vore god for rogalandsbonden

Det har vore gode forhald til å få høg grovfôravling med god kvalitet denne sesongen. Jamt over kan rogalandsbonden vera nøgd med årets grovfôravling!
Rådgjevar i Norsk landbruksrådgiving, Bjørg Karin Dysjaland, kan formidla at bøndene i Rogaland jamt over kan vera nøgd med sesongen så langt både nord og sør for Boknafjorden. Ein god vår og drivande mai gav gode høve for våronn, jordarbeid og tidleg start på haustesesongen. Det har vore store avlingar på slåtten i juni!
Grovfôrkvalitet
Det er føreligg ikkje mange analysar av grovfôret førebels, men grovfôranalysane så langt viser god kvalitet og høg fordøyelegheit på førsteslått tatt i mai, og framleis ok kvalitet på det som vart tatt tidleg juni. Juli haldt fram med mykje fint haustevêr, som har gitt sjans til å ta 2. slått med både høg og låg fordøyelegheit/energiinnhald etter kva den enkelte produsenten treng. Gjenvekst etter 1. slått har og vore god, så avlingen er med sannsyn god og på 2. slåtten mange stader.
2, 3 eller 4 slåttar?
Vêret har stemt godt for dei som planlegg for 3-slåttregime. Enkelte som planla deler av garden med 4-slåttsregime sleit i månadsskifte juni/juli og fekk utsetting på 2. slått som kanskje har vippa dei tilbake til 3-slått. Andre som har 2 eller 3- slåttregime, vel nok 3 slåttar i år når forhalda ligg til rette for det.
Korn
Varmen ga tidleg treskeklart bygg, og nokre bønder kunne treska allereie i juli. NLR kan melde om at kvaliteten jamt over er god, men at avlingsmengda er varierande frå teig til teig. Den beste teigen ga 750 kg korn per dekar, mens det lågaste var 400 kilo per dekar. Været framover vil vera ein viktig faktor for korleis kornhausten blir.