Frå pels til pionérar
 
                Tidlegare pelsdyroppdrettarar har ikkje lagt ambisjonane på hylla. No satsar dei på framtidsretta dyrehald med trivselgris og moderne mjølkefjøs der kua får gå saman med kalven.
Sidan forbodet mot pelsdyrhald blei varsla av regjeringa i januar 2018, har Statsforvaltaren i Rogaland vore oppteken av omstilling etter pelsdyrhald for å sikre vidare produksjon og verdiskaping hos så mange som mogleg av oppdrettarane.
Staten har tre ordningar som oppdrettarane kan ta del i; erstatning for avvikling av pelsdyrhald, omstillingsmidlar og kompensasjon for kostnader med riving av pelsdyranlegget.
Omstilling i praksis – investeringar etter erstatningsoppgjeret
Erstatningsoppgjeret er i hamn for dei aller fleste, men det er nokre som fortsett ventar på endeleg avtale med staten. Om lag 22 av 78 oppdrettarar i Rogaland har brukt erstatningsoppgjeret og omstillingsmidlar til å fornye og bygge nye driftsbygningar. I tillegg er det tre bønder som har fått ordinære investeringsmidlar frå Innovasjon Norge, og andre er i prosess.
Framtidsretta dyrehald
Vi presenterer her to gode eksemplar på bønder som har omstilt produksjonen, og som bidrar til å vidareutvikle næringa og oppretthalde landbruket i sin region.
Pilotfjøs for nytt konsept - «Trivselgris»
Erik og Beate Hobberstad, Varhaug, drev med pelsdyrproduksjon og hadde 2900 minktisper i besetninga på far til Erik sin eigedom ved Varhaug. Erik bygde ein stålhall på 127 m x 29 m i 2013/14, med cembonitplater på tak og perforerte veggplater og med heildekkande betonggolv. I tillegg hadde dei 245 søyer og 380 slaktegris. Produksjonen av pelsdyr blei avslutta 1. desember 2022 og dei var ein av dei siste som avslutta pelsdyrproduksjonen i Rogaland.
I 2023 overtok Erik garden etter faren. I 2024 reiv Erik ut alt av innreiing, maskinar og utstyr. Berre skalet sto igjen. Så starta samarbeidet med Prima Slakt og deira satsing på «Prima trivselsgris».
November 2024 var ombygginga til grisefjøs ferdig og ca 700 slaktegrisar flytta inn i eit annleis og luftigare fjøs enn det som er vanleg. Nå har han full konsesjon på gris, det vil seie 2100 slaktegris.
Griseavdelinga i stålhallen er inndelt i tre avdelingar som har fått ny betonginnreiing og spaltegolv ved eteplassen. I liggeavdelinga er det halmtalle og det går med 1 rundballe med halm kvar dag, eller 30 – 50 kg/gris. Halmen skrapast ut og blir pløgd ned på våren. I kalde periodar går det meir halm, og grisen graver seg ned i halmen for å halde varmen. Cembonitplatene i taket gir ikkje problem med kondens.

Grisen har ekstra stor plass å boltre seg på og har til og med tilgang til ein overbygd terrasse som er skjerma for regn og snø.
Her er prinsippet alt inn – alt ut. Slaktegrisen blir levert frå èi utvalt besetning på Jæren. Grisen blir slakta ved 80 – 100 kilo levande vekt.
Erik har hatt slaktegris i gamlafjøset og er tydeleg fornøgd med det nye opplegget.
- Det er vanvittig gildt å arbeide med denne grisen. Det er framtida, seier Erik Hobberstad.
Ombygginga har totalt kosta 7 millionar kroner. Erik fekk 2 millionar kroner i omstillingsmidlar. Nå arbeidar han 100 prosent stilling som tømrar og har to tilsette på garden.
Konseptet Trivselsgris handlar om å gi grisen betre levekår gjennom auka plass, tilpassa fôr og dagleg oppfølging. Kravet for areal per gris er 2,0 m², men i dette prosjektet får kvar gris heile 2,8 m² – ein vesentleg auke som gir meir mosjon og betre trivsel.
I tillegg er det utvikla eit spesialtilpassa fôr som støttar optimal helse og vekst. Grisane blir veid tre gonger dagleg for å sikre presis fôring og dokumentere utvikling. Dei får og tildelt halm kvar dag, som stimulerer naturleg åtferd og gir betre miljø i bingen.
Prima Slakt har valt Hobberstad som testpilot for dette konseptet, og etter berre eitt år erfarer Erik at inntekta har auka – utan at tidsforbruket har endra seg samanlikna med gamlafjøset. Dette viser at betre dyrevelferd kan gå hand i hand med økonomisk berekraft.
- Eg har aldri vore med på noko liknande blant kundane, seier produksjonsrådgivar Leidulf Sigmundstad i Prima slakt.
Testpilot betyr prøving og feiling. Våren 2025 sette Hobberstad inn duroc for å betre kjøtkvaliteten. Grisane treivst godt med mykje aktivitet og hadde god vektutvikling, fortel Hobberstad, som var svært nøgd med rasen. Dessverre nådde ein ikkje målet med meir intramuskulært fett, som var hovudårsaka til at ein prøvde ut duroc, fortel produksjonsrådgivar Leidulf Sigmundstad.
Hobberstad har no eit innsett med vanleg SPF-slaktegris. Hobberstad og Leidulf Sigmundstad er samde om at grisen trivast godt med mykje aktivitet.
I den andre enden av stålhallen er det ei saueavdeling med plass til 350 vinterfôra sauer.
Fleksibelt mjølkefjøs med fokus på ku og kalv
Gro og Thore Håland driv heimagarden til Thore på Lomeland i Gjesdal kommune. Her driv dei med sau, gris og mjølk. Frå 2004 til desember 2020 drev dei med minkproduksjon og hadde to trehallar med smittesluse.
Dei overtok garden i 2008 og har nå full konsesjon på slaktegris, 220 vinterfôra sauer, 16 ammekyr og 400 000 liter i mjølkekvote.
I 2021-22 reiv dei pelsdyranlegget, men behaldt gjødsellageret på 360 m3.
Gro og Thore bygde på tomta til pelsdyrhallane eit lausdriftsfjøs for mjølke- og ammekyrne. Dei hadde 200 000 liter i kvote ved oppstarten i nytt fjøs og nå har dei auka til 400 000 liter. Det er eit romsleg og fleksibelt fjøs bygd med elementveggar og sandwichtak. Investeringa kom på godt 10 millionar kroner i tillegg til stor eigeninnsats i byggearbeidet, og dei fekk 2,0 millionar kroner i omstillingsmidlar.
Det spesielle her er at dei har ku og kalv i saman. Og det fungerer veldig godt, ifølge bøndene.
I løpet av sommaren 2020 hadde dei prøvd ut ku og kalv i det gamle båsfjøset, og ville ta dei gode erfaringane med i det nye. Dei har laga kalvegjømme og har lagt vekt på ku- og kalvsignal i utforminga av fjøset. Fjøset er eit kaldfjøs med elementveggar og gardiner, og med ei eiga løysing for luftomrøyring i dei to gjødselkamrene under ku- og storfeavdelingane.

Kalvingsgarden er på 60 m2 med bruk av halm på hausten og vinteren, og flis på sommaren. Djubna på talla er 50 cm. Småkalvane har alltid halm å ligge på. Dei er nøye med å måle råmjølkskvaliteten slik at kalven får i seg nok næring, samt at dei frys ned råmjølk til bruk i lemminga.
Kua går med kalven 3 – 5 dagar i velferdsavdelinga og blir mjølka her til å begynne med. Deretter blir dei flytta over i mjølkeavdelinga. Dei gjennomfører gradvis avvenning, og nedtrapping startar ved 4 – 5 vekers alder ved at kalvane blir stengt inne ved stelling og på natta. Kalvane må ete godt med kraftfôr før avvenning. Etter 6 – 8 veker går kua inn i hovudavdelinga. Kua kan helse på kalven, men kalven kan ikkje die mora.
Når kyrne blir avvende, går mjølkemengda i snitt opp 15 liter.
Gro og Thore er svært godt fornøgd med ku- og kalvopplegget og det er lite problem med jurbetennelse. Men, resultata kjem ikkje av seg sjølv. Dei framhevar at det handlar om vilje, lyst og management for å få dette til. Dataloggen frå mjølkeroboten må følgast opp og mjølkinga må styrast for å tilpasse kalven sitt mjølkeuttak.
Dei har tre ungdommar som tidleg blei med i gardsarbeidet og som har fått ansvar. Og alle tre er interesserte i å ta over garden. Dei har og ungdomar frå bygda som faste avløysarar.
 
                