Frå industri til byråkrati

Rolf Gunnar Husveg, som kjem frå stillinga som svinerådgjevar ved Fatland AS, har starta opp i husdyrstillinga hos Fylkesmannen i Rogaland.
Berre fire veker etter oppstart har han fått kjennskap til erstatningssaker knytt til både dyrehelse og grovfòrmangel. Rolf Gunnar har allereie vore ute på fleire produsentmøte i samband med fòrkrisa og overproduksjon av kjøt.
Rolf Gunnar kjem frå slakterikonsernet Fatland på Hommersåk der han har vore med og bygd opp svinerådgjevinga over ein 20-årsperiode.
Fylkesmannen i Rogaland er svært godt fornøgd med å få Rolf Gunnar med på laget. Rogaland er husdyrfylket nr 1 noko næringa og styresmaktene er stolte av, men som og medfører ein del utfordringar. Rolf Gunnar har grundige kunnskapar om produksjonsmiljøet og foredlingsindustrien i heile fylket, samt viktig kjennskap til mellom anna veterinærmiljøet som vil styrke avdelinga.
Kontaktpersoner
-
Geir Skadberg
Tlf: 51 56 89 64 / 97 17 47 51 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13