Forventar ytterlegare nedgang i mjølkeforbruket

Kombinasjon av nedgang i sal av mjølk i daglegvarehandelen etter pandemien og redusert kjøpekraft, vil gi redusert behov for kumjølk i 2023.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.11.2022

Dette vil føre til overproduksjon av mjølk, noko som går ut over lønsemda til bøndene. Staten kan hindre overproduksjon ved å styre kor mykje bøndene kan levere av sin tildelte kvote. TINE er marknadsregulator og kjem med råd til Landbruks- og matdepartementet om kor stort mjølkebehovet forventast å bli for kommande år.

TINE tilrår eit forholdstal på 0,95 i 2023. Det betyr at bøndene kan levere 95 prosent av disponibel mjølkekvote.

Under pandemien auka etterspørselen etter mjølk på grunn av mindre grensehandel, og forholdstalet blei sett til 1,07 for 2021. I 2021 var den norske produksjonen på ca 1500 millionar liter kumjølk. I år får mjølkebøndene levere 99 prosent av disponibel kumjølkkvote, og det forventast ein produksjon på 1475 millionar liter.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.