Bli smittevernsjef på eigen gard!

Bønder i Rogaland kan spare millionar kroner kvart år ved å sette inn tiltak som gir betre dyrehelse.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.10.2019

Spesialveterinær Harald Holm frå Animalia kjem til Agrovisjon for å snakke om smitteforebygging på seminaret om dyrevelferd 2. november. Han er nasjonal prosjektleiar for kontrollprogrammet for dei to virussjukdommane Bovint Respiratorisk Syncytialvirus (BRSV) og Bovint Coronavirus (BCoV) hos storfe.

Kostbare virus

Ved oppstart av kontrollprogrammet i 2014 blei det berekna at sjukdommane kosta norsk storfenæring meir enn 100 millionar kroner i året. Ved å ta kontroll over dei viktigaste smittevegane for BRSV og BCoV, vil det vere mogleg å få til ein betydeleg reduksjon av sjukdommane desse virusa er årsak til. Dei viktigaste smittevegane er livdyr og «fjøsvandrarar» som dyrlegar, inseminørar, dyretransportørar og naboen.

Betre livskvalitet gir betre økonomi

I følgje Animalia sto luftvegsproblem og diaré for om lag 75% av helsekortregistreringar hos kalv i 2014. Kvart år dør mellom 5000 – 10 000 kalvar av slike sjukdommar. Ofte blir dyra behandla med antibiotika, dels på grunn av usikker diagnostikk i felt, dels på grunn av bakterielle følgeinfeksjonar. Det er fire hovudgrunnar til at bransjen tok grep; betre produsentøkonomi, betre dyrehelse, betre dyrevelferd og eit viktig bidrag til lågare antibiotikaforbruk.

Er tiltaka effektive?

Harald Holm har lang erfaring med smitteforebygging og kartlegging av smittestatus i besetningane. Han vil snakke om ulike tiltak og effektar, og om resultata så langt i programmet. Harald er også delaktig i smitteprosjektet på Finnøy som han vil komme nærare inn på i foredraget. Kom og høyr! Dette er lærerikt for mange.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.