Bli med på «mjølkesafari» for mjølkebønder i Dalane

Mjølkekyr i trefjøs på Jæren
Mjølkekyr i trefjøs på Jæren Foto: Eli Munkeby Serigstad / Statsforvaltaren i Rogaland.

Fleire båsfjøs må byggast om på grunn av nye krav til utforming av mjølkefjøs som kjem i 2024 og 2034. Bøndene får nå drahjelp frå Bjerkreim kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.02.2022

Dette er ei mobilisering der ulike moglegheiter for ombygging/nybygg til lausdrift i mjølkeproduksjonen i Dalane med fokus på små og mellomstore mjølkebruk skal visast fram. Det blir fire gardsbesøk 8. mars og ein oppfølgingsdag 15. mars.

Kort tid til omlegging

Bakgrunnen for mobiliseringa er at det i 2024 kjem krav om behandlingsbinge og beiting, og i 2034 blir det krav om lausdrift for mjølkekyr. Tal frå Kukontrollen februar 2021 (om lag 89 prosent tilslutning) viser at av dei 896 føretaka med mjølk i Rogaland, er det 55 %  (481) som framleis har båsfjøs. Det er flest båsfjøs å finne i kategorien små og mellomstore fjøs, som vil sei færre enn 30 mjølkekyr. Omlag 40 % av mjølkevolumet blir henta frå båsfjøs.

Fram mot 2034 må om lag 40 mjølkefjøs byggjast om per år for å oppretthalde same struktur som i dag. Det skal halde hardt når økonomien i mjølkeproduksjonen er pressa, spesielt for dei minste bruka. Faren er at mange vil gi seg og skape endringar i strukturen. Håpet er at «Mjølkesafarien» kan bidra til at bøndene finn gode økonomiske og tekniske løysingar for fjøsa.

Gode erfaringar med safari

Landbrukskontoret i Bjerkreim er arrangør og dei byggjer vidare på dei gode erfaringane dei hadde med mjølkesafari i 2020. Gardsbesøka er lagt til fire mjølkebønder som var deltakarar på safarien, og som har bygd fjøs i løpet av dei siste to åra.

  • Viljen Nedrebø (Bjerkreim): ny Lely A5 robot og skraperobot frå Fjøssystemer, har bygd om fjoset til eteliggebåsar. Har plass til 28 kyr og 12 gjeldkyr/store kviger. Påbygg på 90 m2. Fôring er bandfôring i tak med avlessarvogn som «mater» bandet.
  • Hans Steinberg (Lund): Vms 310 repro frå FK, tilbygg til eksisterande bygg med fokusavdeling og moglegheit for kontrollert beiteslepp frå VMS, 60 liggebåsar. Kraftforautomat og skraperobot, isolert bygg med takstolar og gjødselkjellar. Fôring med TKS feedbelt frå eksisterande låve. Byggjer om eksisterande fjos til kalv og ungdyr.
  • Per Kåre Kjørmo (Lund): frittliggande nybygg med brukt mjølkestall tandem. Kraftforautomat og skraperobot. Isolert bygg med element og stålkonstruksjon, sandwich på taket. Gjødselkjellar og køyrbart forbrett, også ungdyr og ammeku i same bygg.
  • Svein Olav Tengesdal og Siv Marie Skåra (Eigersund): ny Lely A5 robot og skraperobot frå Fjøssystemer. Frittståande isolert nybygg på ca. 740 m2, med element, stålsperr og sandwich på taket. 52 liggebåsar til mjølkekyr og køyrbart fôrbrett ved den eine langsida. Ca. 800 m3 gjødsellager med direkte nedslepp. Fôring med avlessarvogn. Easyfix innreiing.

Representantar frå Fjøssystemer og Felleskjøpet er og med. Tema er fôring, utgjødsling og løysingar for beitedrift.

 

Påmelding til landbrukskontoret i Bjerkreim, snarast og innan 1. mars.

Kontaktinfo: Svein Olav Tengesdal 51201173/99021019 eller Gerd S. Engelsgjerd 51201170

Oppfølgingsdagen blir arrangert på Kommunehuset på Vikeså 15. mars kl 10.00 – 14.30.

For meir detaljar sjå invitasjonen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.