Beiteressursen er viktig for Rogaland, og det er god økonomi i å sende sauene på heiabeite

På heiabeite. Foto: Sigmund Skjæveland

I Rogaland utgjer innmarksbeite heile 45 prosent av jordbruksarealet. Søknad om produksjonstilskot viser at 92 prosent av innmarksbeita blir nytta, og dei utgjer såleis eit viktig fôrgrunnlag for storfe og småfe. Om lag 45 000 småfe frå Rogaland beiter på utmarksbeite i Agder, men likevel er ikkje meir enn 49 prosent av beitekapasiteten for husdyr nytta. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.02.2022

Attgroingspotensialet i er stort i kommunane Sirdal (33%), Kvinesdal (19 %), Åseral (30 %), Bygland (19 %) og Valle (18 %) som er nokre av områda Rogalandssauen beiter i. Dette viser ein nyleg publisert rapport frå NIBIO.  Denne rapporten syner òg at utmarksbeite i Rogaland blir nytta godt. Når vi reknar med beiting frå hjortedyr kan vi få eit inntrykk av overbeiting (107 %), men biletet er nok ikkje så enkelt. Store menger beitedyr beiter i grenseland mellom innmarksbeite og utmarksbeite og hentar store deler av fôrgrunnlaget få innmarksbeite, samtidig med at utmarksbeite blir godt nytta.

God økonomi i beitebruk

– Det er god økonomi for småfebonden å sende sauene til heis, seier Jostein Seldal frå Jæren Smalalag. Dei organiserer beiting av om lag 40 000 småfe i beiteområde både i Rogaland og Agder. Seldal har rekna ut at ei småfebesetning på 100 dyr (35 sau og 65 lam) kjem ut med ein netto gevinst på 13 900 kroner med å sende sauene til heis. (sjå artikkel i Bondevennen)

Organisert beiting gjennom beitelag er ein god måte å gjere arbeidet med beiting enklare. Beitelaga kan søke regionalt miljøtilskot til drift av beitelaget gjennom Regionalt miljøprogram. Dei siste åra har tilskotet vore 20 kroner pr slepte sau/geit/storfe. Det er òg mogleg for beitelaga å søke om tilskot til investeringar i beiteområdet. Dette er gode ordningar som skal vere med å gjere det både praktisk og økonomisk gunstig å sende dyra til heis.

I tillegg til god økonomi, er det både dyrehelse og dyrevelferdsargument for å sende sauene til heis. Vi har god statestikk som viser lågt tap av dyr på heiabeite utover rovdyrtap. Dyra blir friske, og Seldal held fram at dyra til påsett til livsau blir friskare. Ved heiabeite bruker ein mindre middel mot parasittar. Det er viktig med tanke både på medisinbruk og resistensproblematikk.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.