Arbeid for god dyrehelse i svinenæringa

Bilete av Dan Bysted frå Ø-vet i Danmark
Bilete av Dan Bysted frå Ø-vet i Danmark Foto: Geir Skadberg / Statsforvaltaren i Rogaland.

Husdyrnæringane i Rogaland driv med kontinuerleg forbetringsarbeid knyta til dyrehelse. 3. mai var rådgivarapparatet i svinenæringa samla for å diskutera arbeidet med SPF framover.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.05.2022

SPF står for spesifikk patogen frihet. Kort fortalt betyr det at dyra i ein SPF-besetning er fri for definerte sjukdomsfremkallande mikrober (patogener).

Langt til målet er nådd

I Rogaland har allereie fleire grisebesetningar denne statusen, men med mål om at heile svinenæringa i Norge skal vere SPF i 2030, har vi eit stykke veg å gå. Difor er det no etablert eit SPF-prosjekt for Rogaland og Vestland, som i første omgang skal vare i 3 år. Prosjektleiar er Olav Tjelta frå Norsvin.

Svinenæringa i Rogaland er stor og stod i 2021 for 29 % av all produksjon av svin i Norge. Og med tilhøyrande foredlingsindustri står denne næringa for høg verdiskaping.

Delte dansk kompetanse 

Hovudinnlegget på møtet var ved den danske veterinæren Dan Bysted fra Ø-vet. Eit godt og engasjerende innlegg som hadde to hovedtema; Kva er SPF og korleis bør saneringa føregå? På den enkelte gard er det totalsanering som er svaret, altså alle dyr ut, sanering av bygg og nødvendige bygningsmessige tiltak, og nye SPF-dyr inn. Og i område med fleire svineprodusentar blir det ofte aktuelt med områdesanering. Altså at alle svineprodusentane i området sanerer samtidig.

Samarbeid er nøkkelen til suksess

På møtet deltok alle slakteria i Rogaland. Det er fint å sjå at dyrehelse er eit område som næringa samarbeider om. Og eit utvida samarbeid mellom slakteria, rådgivarar, veterinærar, det offentlege og ikkje minst bøndene sjølve, er viktigaste suksessfaktor for at vi skal kunne realisere eitt SPF-Rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.