Utgreiing av grensejustering mellom Sandnes og Strand kommunar

Lysefjorden i Ryfylke
Lysefjorden Foto: John Gunnar Skien / Statsforvalteren.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber Statsforvaltaren i Rogaland om å utgreie konsekvensane av ei grensejustering mellom Sandnes kommune og Strand kommune. Grensejusteringa gjeld det området som utgjer tidlegare Forsand kommune. 

Publisert 06.10.2021

Bakgrunnen er eit innbyggjarinitiativ frå "Aksjonsgruppa ja til folkeviljen, nei til tvangssamanslåing" om grensejustering mellom kommunane Sandnes og Strand. Aksjonsgruppa søkjer om at Forsand-delen av Sandnes kommune (tidlegare Forsand kommune) blir lagt til Strand kommune ved ei grensejustering.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no bestemt at Statsforvaltaren skal starte ei utgreiing av ei slik grensejustering mellom Sandnes kommune og Strand kommune. Sjå brev lagt ved denne saka.

"Vi vil leggje til rette for ein open og involverande prosess med Sandnes kommune og Strand kommune i arbeidet med utgreiinga. Saman med Kartverket vil dei to kommunane bli invitert til eit møte raskt etter haustferien." seier statsforvaltar Lone M. Solheim. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.