Preikestolen blir overført til Strand kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa mellom kommunane Forsand og Strand skal justerast slik at områda nord for Lysefjorden skal tilhøyra Strand kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.12.2018

Det betyr mellom anna at Preikestol-området, som i dag ligg i Forsand, blir overført til Strand. Endringa skjer frå 1. januar 2020, samstundes med at Forsand og Sandnes blir éin kommune.

Departementet legg vekt på kva innbyggarane vil

– Eit fleirtal av innbyggarane i dette området ønskjer å vera ein del av Strand kommune. Dei nyttar Strand kommune for handel- og kulturopplevingar, og kjenner meir nærleik til dette området, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Grensejusteringar skal først og fremst vera eit verktøy for å tilpassa kommunegrenser til eksisterande samhandlingsmønster og korleis innbyggarane  bruker dei kommunale tenestene. 

– Preikestolområdet har mange tusen turistar kvart år. Det er formålstenleg om heile området blir forvalta av éin kommune fordi det gir klarare ansvarsforhold når det gjeld beredskap, krisehjelp og helsetenester, seier Mæland vidare.

Innbyggarinitiativ om grensejustering

Initiativet om å flytta området kom frå innbyggarar på nordsida av Lysefjorden i Forsand kommune. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.