Departementet stoppar nye grensejusteringar inntil vidare

Preikestolen er eitt av landets mest populære turistmål
Foto: John Gunnar Skien / Statsforvalteren.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber om at det ikkje blir vedtatt nye grensejusteringar i norske kommunar nå. Årsaka er at dei alt vedtatte justeringane frå 1. januar 2020 er arbeidskrevande å få på plass. 

Publisert 27.02.2019

Departementet viser til at det er vedtatt 43 kommunesamanslåingar og seks fylkessamanslåingar som skal tre i kraft frå 1. januar 2020. I tillegg er det fatta vedtak om 16 kommunegrensejusteringar, og ei fylkesgrensejustering, frå same dato.

Strek er sett inntil vidare

For å sikra ei vellukka gjennomføring av kommune- og regionreforma, og for å sikra dataflyten mellom nasjonale register, ber departementet om at det ikkje blir fatta fleire vedtak om grensejustering som skal ha verknad frå 1. januar 2020.

To avslag frå Fylkesmannen

Fylkesmannen har nyleg avslått to initiativ til utgreiing av grensejusteringar i Rogaland. Begge var initiativ til grensejustering mellom Forsand og Strand. Desse har Fylkesmannen avslått fordi søknadene gjeld endring av ei alt vedtatt grensejustering som har vore grundig utgreidd og vurdert.

Dei nye forslaga inneheldt ikkje nye opplysningar, og Fylkesmannen fann at initiativa ikkje kunne føra fram. Vår vurdering er at Kommunal- og moderniseringsdepartementet i sitt vedtak frå desember 2018, om grensejustering av områda på nordsida av Lysefjorden, har vurdert at dei nye grensene gir ei formålstenleg eining i samsvar med inndelingslova.

Brevet frå departementet, og våre to avslag, er lagt ved.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.