Nyttig møte om nye Jæren kommune hos statsråden

I går besøkte ordførarane i Klepp, Time og Hå kommunal- og moderniseringsministeren i Oslo. Dei fekk gode tilbakemeldingar på både prosessen og intensjonsavtalen som er laga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.02.2016

Dei tre rådmennene i kommunane deltok også. Møtet blei organisert av Fylkesmannen etter invitasjon frå statsråden, derfor var også prosessrettleiar Anfinn Rosnes til stades.

- Ikkje eit partipolitisk prosjekt

Statsråd Sanner framheva at kommunereforma har brei tilslutning i Stortinget. - Dette er ikkje eit partipolitisk prosjekt, sa Sanner. Det blei mellom anna peikt på at kommunane sjølve, med dagens oppgåver, møter store utfordringar, eksempelvis på helseområdet. Sanner informerte elles om stor aktivitet i alle fylke.

Det var sett av tid i møtet til avklaringar av viktige spørsmål, mellom anna knytt til kostnader ved å danna ein ny kommune. Svaret frå statsråden var at eingongstilskotet er meint å dekka ein vesentleg del av kostnadane knytt til det å danna ein ny kommune. Det nye inntektssystemet i kommunane var også eit naturleg tema då det blei snakka om den økonomiske sida av reforma.

(Saka held fram under biletet)

Ordførarane frå Jæren var godt nøgde med møtet hos statsråd Sanner.

Gode løysingar forma lokalt vil gi den beste løysinga

Ordførarane stilte spørsmål til korleis Fylkesmannen og regjeringa vil følgja opp vedtaka i kommunane. Sanner gjorde det klart at det skal mykje til for at gode løysingar lokalt blir endra.

Informasjon viktig fram mot folkeavrøysting

Folkerøystinga 25. april var eit sentralt tema. Kva skjer til dømes dersom éin kommune seier nei og dei to andre ja? Statsråden var mest opptatt av at innbyggarane får best mogleg informasjon fram mot folkeavrøystinga. Så får slike problemstillingar drøftast etter at utfallet av avrøystinga er kjent.

Sjå elles nettsak frå Time kommune om møtet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner