Nyttig fagsamling om kommunereforma

KS og Fylkesmannen arrangerte 27. august ei fagsamling for kommunane med føremål å vere til hjelp i arbeidet med kommuneforma. Det var semje om at samlinga var nyttig, og deltakarane fekk godt høve til å dele erfaringar med reformarbeidet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.08.2015

Deltarane på samlinga fekk godt høve til å drøfte fagelege og praktiske spørsmål som er knytte til prosessen når kommunane nå skal gå vidare med konkretisering av ny kommunestruktur.

Ole Sverre Lund fortalte om prosessen mot nye Sandfjord kommune

Tidlegare rådmann i Andebu, Ole Sverre Lund, har god erfaring med å danne ein ny kommune i Vestfold. Vi fekk ein god presentasjon av prosessen, med aktuelle døme både når det gjeld suksessfaktorar og utfordringar. Dette var ein politisk driven prosess, med administrativ støtte. Det var nok vilje hjå alle til å lukkast, og det var stor oppslutnad frå innbyggjarane.

Geir Almlid frå Distriktssenteret snakka om innbyggjarinvolvering i praksis

Kommunane skal på ulike vis gjennomføre opplegg for innbyggarinvolvering. Geir Almlid frå Distriktssenteret presenterte gode eksempel på ulike typar innbyggarinvolvering. Det er viktig korleis vi arrangerer møte, t.d. at det er ei tydeleg leiing. Det er ei utfordring å engasjere ungdom i prosessen, og Distriktssenteret har difor laga eige opplegg for involvering av ungdom.

Presentasjonane frå samlinga finn du på KS si nettside.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.