Kontaktmøte mellom Fylkesmannen og KS i Rogaland

KS og Fylkesmannen inviterer til det årlege kontaktmøtet mellom Fylkesmannen og KS i Rogaland torsdag 10. desember. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.11.2015

Møtet finn som vanleg stad på Victoria Hotel i Stavanger. Det er ikkje utan grunn at møtet gjerne går under namnet "Victoria-møtet". 

Asyl og busetjing

Tilstrøyminga av asylsøkjarar har blitt langt meir omfattande enn nokon kunne tenkja seg for bare få månader sidan. I tillegg skal mange flyktningar busetjast i Rogaland. Dette er ein krevjande situasjon. Derfor er dette eit stort og viktig tema under årets møte. IMDi Vest stiller, det gjer også UDI, Bufetat og Husbanken.

Programmet og påmeldingsskjemaet finn du på KS si heimeside. Påmeldingsfristen er 1. desember. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.