Framleis ingen kommunar i Rogaland med lite økonomisk handlingsrom

Haugesund kommune ligg på 2,78 på indeksen for økonomisk handlingsrom. Kommunen er ein av dei totalt 21 kommunane i Rogaland som ved den siste analysen til KS er vurderte som kommunar med større økonomisk handlingsrom. Foto: John Gunnar Skien

I Rogaland er også i år dei fleste kommunane grøne kommunar i KS sin analyse. Samanlikna med i fjor har Rogaland gått ned frå fem gule kommunar til berre to gule kommunar. Det tyder at dei aller fleste kommunane i Rogaland har større økonomisk handlingsrom og ingen kommunar har avgrensa økonomisk handlingsrom.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.08.2022

KS gjer kvart år ein analyse av i kva grad kommunane i landet har økonomisk handlingsrom. Den siste analysen er gjort på konserntal for 2021. Kommunane er delt inn i tre kategoriar: kommunar med avgrensa økonomisk handlingsrom (raude), kommunar med moderat økonomisk handlingsrom (gule) og kommunar med større grad av økonomisk handlingsrom (grøne).

Følgjande kriterium og inndeling er brukt i analysen

I den årlege analysen til KS vert kommunane vurdert ut i frå følgjande indikatorar (som del av driftsinntekter):

  • Netto driftsresultat etter netto bundne fondsavsetningar
  • Netto lånegjeld trekt i frå ubundne fondsavsetningar
  • Disposisjonsfond inkludert samla meirforbruk i driftsregnskapet til seinare inndekning

Analysen i 2021 tar utgangspunkt i dei same indikatorane, men sjølve analysen er omarbeida ein del frå tidlegare år. Den nye tilnærminga inneberer at det reknast ein eigen indeks for økonomisk handlingsrom per kommune ut i frå summen av dei tre indikatorane nemnt over. Den samla poengsummen rangerast på følgjande måte:

  • Avgrensa økonomisk handlingsrom – indeks lavere enn 1 (raudt)
  • Moderat økonomisk handlingsrom – indeks mellom 1 og 2 (gult)
  • Større grad av økonomisk handlingsrom – indeks større enn 2 (grønt)

Resultatet for kommunane i Rogaland

I Rogaland er det ingen kommunar som er på raudt med avgrensa økonomisk handlingsrom. To kommunar er på gult med moderat økonomisk handlingsrom. Dette er Strand og Randaberg. Resten av kommunane i Rogaland er på grønt.

Den viktigaste forklaringa på at desse to kommunane er på gult er høg lånegjeld. 

Strand kommune ligg på 1,71 på handlingsromsindeksen.

Randaberg kommune ligg på 1,01 på handlingsromsindeksen. Det er berre 0,02 frå å kome på raudt. 

 

Komplett kommuneoversikt for Rogaland

Kommune Netto driftsresultat inkl. netto bundne avsetninger i prosent av driftsinntekter Netto lånegjeld korrigert for ubundne investeringfond i prosent av driftsinntekter Disposisjonsfond inkl. rekneskapsmessig meir/mindreforbruk i prosent av driftsinntekter Handlingsrom indeks
Eigersund 3,0 94,8 20,5 3,36
Stavanger 8,0 73,9 14,2 4,56
Haugesund 3,4 70,7 12,6 2,78
Sandnes 6,3 86,2 15,4 4,61
Sokndal 2,6 76,4 21,3 4,03
Lund 5,0 74,7 10,5 2,98
Bjerkreim 8,9 30,7 22,9 6,55
8,6 78,8 20,9 5,26
Klepp 8,7 65,7 18,9 5,47
Time 6,8 86,6 11,2 3,43
Gjesdal 7,9 90,2 16,4 4,39
Sola 5,0 83,9 8,9 2,76
Randaberg 2,0 117,0 6,5 1,01
Strand 2,4 116,0 13,0 1,71
Hjelmeland 8,0 70,0 25,9 5,65
Suldal 19,2 31,4 42,4 11,89
Sauda 2,9 80,5 18,1 3,94
Kvitsøy 7,4 45,4 35,1 7,01
Bokn 4,3 95,8 35,1 5,85
Tysvær 6,9 97,9 26,9 5,44
Karmøy 5,0 62,0 16,2 4,07
Utsira 9,2 55,3 22,3 5,62
Vindafjord 5,1 54,2 17,5 4,59

Resultata er ikkje direkte samanliknbare med tidlegare år

I kva gruppe kommunane kjem for 2021 i denne analysen kan ikkje samanliknast direkte med resultatet frå i fjor. Det er fordi indeksen for økonomisk handlingsrom er endra i analysen for 2021.

Sjå lenke til KS sin artikkel med resultata av analysen for alle kommunar i landet (rekneskapstal for 2021) og med ei forklaring av korleis dei kjem fram til verdiane i sjølve indeksen.

Vi har også lenka til artikkelen vi skrev i fjor med resultata for kommunane i Rogaland ut frå rekneskapstala for 2020.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.