Gjesdal kommune får ein million kroner i tilskot etter steinras

Ordførar Frode Fjeldsbø frå Gjesdal kommune og statsforvaltar Bent Høie under ei markering av Barnekonvensjonen på Statens Hus

Statsforvaltaren i Rogaland har i dag løyva ein million kroner til Gjesdal kommune til reperasjonsarbeide og rassikring etter steinsraset 16. oktober i år. 

Publisert 17.11.2023

Raset som kom frå fjellsida over bygget og blei utløyst av langvarig regn og vind. Steinar trefte ein bygning kor Gjesdal kommune har kontorlokale og ein bil. Heldigvis vart det ingen personskadar i raset. Geologar har i etterkant konkludert med at området over den indre delen av Kongsgata ved Kongeparken må sikrast før dei aktuelle bygga kan takast i bruk igjen.

I tråd med statlege føringar har Statsforvaltaren i Rogaland i 2022 halde tilbake delar av skjønsramma til fordeling gjennom året. Desse pengane skal gå til kommunar som opplever uventa hendingar, som til dømes naturskade. Førebygging av steinras kvalifiserte ikkje direkte til dette, men noko av kostnaden valde likevel statsforvaltaren å dekka i tillegg til utarbeidinga av skade på bygningen.

Meir til Berekraft

Regjeringa har bestemt at FNs berekraftsmål skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tids største nasjonale og globale utfordringar, og vert også prioritert gjennom restskjønstilskotet i år. Gjesdal kommune skal samen med fleire kommunar i Rogaland, til dømes Stavanger, Karmøy og Randaberg bygga eit læringsnettverk for berekraft. Kommunane i Rogaland som deltek vil få ein kartlegging og ein rapport om korleis dei ligg an i berekraftsarbeidet. Arbeidet vert koordinert av Rogaland fylkeskommune. Til dette formålet mottek Gjesdal 3 millionar kroner.

Ekstraordinære utgifter i Time kommune

Time kommune mottek også en million kroner i skjønstilskot etter ekstraordinære utgifter med flyktningsituasjonen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.