Etablerer Digi Rogaland: Unik digital satsing i rogalandskommunane

Det er dårleg ressursbruk å sitja kvar for seg og laga digitale tenester til innbyggarane. Nå går alle kommunane i fylket saman om å utvikla gode verktøy og tenester gjennom fellesprosjektet Digi Rogaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.12.2018

I dag blei avtalen signert under det årlege kontaktmøtet mellom KS Rogaland, kommunane og Fylkesmannen i Rogaland. Ambisjonen til Digi Rogaland er at innbyggarane skal få dei same digitale tenestene, uavhengig av kor dei bur. Rogaland er det første fylket i landet der alle kommunane går saman i eit slikt samarbeid. Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og KS Rogaland deltar også i prosjektet.

Alle treng ikkje å finna opp hjulet

Gjennom Digi Rogaland skal kommunane samarbeida om å utvikla nye digitale tenester, men like viktig er det å syta for at kompetansenivået er høgt nok over alt. Implementering av nasjonale prosjekt og utvikling av nye tenester, som heile landet kan nytta seg av, er ei klar målsetting. Hå-rådmann Anne Berit Berge Ims er trygg på at rogalendingane skal få nyta godt av dette prosjektet.

– Digi Rogaland bidrar til at me løfter endå meir i lag, til det beste for innbyggarane i heile Rogaland, seier Hå-rådmannen.

Er i gang med fleire prosjekt

Så langt er Digi Rogaland i gang med to nasjonale prosjekt – og jobbar med kvalifisering av fleire regionale prosjekt.

  • Den kommunale helsetenesta: Senda og motta meldingar frå den kommunale helse- og omsorgstenesta. Sjå avtalar om heimebesøk og avbestilla besøk m.m.
  • Digital søknadsløysing for sosialtenester.

Alle bidrar

Kvar av kommunane bidrar med 150 000 kroner i prosjektet i 2019. I tillegg betaler kommunen fem kroner per innbyggar. Fylkesmannen i Rogaland har støtta Digi Rogaland med tre millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.