Kontakt oss om helsekrav offshore

Mange av dei vanlegaste spørsmåla finn du svar på her på nettsidene våre. Sjå mellom anna desse artiklane:

Helsekrava for arbeid offshore finn du i Forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs. Ei meir detaljert skildring av helsekrava finn du i vegleiaren til forskrifta. 

Publisert 28.05.2019, Sist endret 06.10.2021

Saksbehandlingstida for søknadar om dispensasjon er vanlegvis 4 til 6 veker. I periodar med stor pågang kan saksbehandlingstida vera lengre enn dette. Dersom søknaden ikkje inneheld alt me treng for å behandle saka vil og saksbehandlingstida bli lengre.
Me har som hovudregel ikkje høve til å prioritere sakar framfor andre. Eventuelle førespurnadar om å få prioritert ei sak koma frå petroleumslegen og vera godt grunngjeven.

Kontakt

Me har telefontid mellom klokka 09.00 og 14.00 på tysdagar og torsdagar. Me kan kontaktast på telefonnummer: 51 56 87 00.

Me kan og kontaktast på e-post: sfropost@statsforvalteren.no

Kontaktpersonar:

ass. fylkeslege Ellen Renate Hamre Eike: sfroelrei@statsforvalteren.no

ass. fylkeslege Trond Oliversen: sfrotroli@statsforvalteren.no

Me ber om at personsensitive opplysingar ikkje blir sendt på e-post, bruk då heller funksjonen «Send sikker melding».