Oppfyller eg helsekrava for å arbeide offshore?

Svar: Dersom du er i tvil om helsekrava er oppfylte, må du ta kontakt med ein petroleumslege. Petroleumslegen vil undersøke personen på bakgrunn av rettleiar IS-1879 og avgjere om helsekrava er oppfylte.

Her er eit oversyn over dei sjukdommane publikum som regel har spørsmål om:

  • ADHD og Asperger: Petroleumslegen må søkje om dispensasjon.
  • Diabetes type 1: Kan få dispensasjon for sporadiske turar. Ved behov for opphald over 1 veke eller vanlig offshorerotasjon er krava veldig strenge, og petroleumslegen må involvere helsetenesta på plattforma i dispensasjonssøknaden.
  • Diabetes type 2: Petroleumslegen treng som hovudregel ikkje søkje dispensasjon.
  • Hjartesjukdom: Etter hjarteinfarkt må det gå 6 veker etter stenting. Ved hjartesvikt eller flimmer, gjer petroleumslegen ei individuell vurdering.
  • Epilepsi: Helsekravet er ikkje oppfylt ved endra medisinering eller anfall siste 2 år. Det er vanskeleg å få dispensasjon frå dette kravet før det er gått 12 månader etter anfallet.
  • Hørselstap: Krav om bruk av høreapparat og normal taleoppfatning.
  • Psykisk sjukdom: Ved mild angst og depresjon treng petroleumslegen ikkje søkje dispensasjon. Ved alvorlig angst, depresjon eller gjennomgått psykose må petroleumslegen søkje dispensasjon.
  • Alkohol: Ved alkoholmisbruk er det krav om kontrollar og samarbeid mellom petroleumslegen og bedriftslegen.
  • Narkotika: Ved narkotikamisbruk er det eit krav om 6 månadar med reine prøvar, vidare kontrollar og samarbeid mellom petroleumslegen og bedriftslegen.
  • Overvekt: Petroleumslegen må sette i verk tiltak ved BMI over 35. Vekt over 120 kg eller livvidde over 115 cm kan være et sikkerheitsproblem. Petroleumslegen gjer ei individuell vurdering.
  • Syn: Synsstyrken må være minst 0,1 utan bruk av briller/linser. Dette er ikkje brillestyrken, men det talet som seier kor mykje du ser av synstavla hos legen. Dersom du brukar kontaktlinser heile døgnet, gjeld ikkje kravet om synsstyrke utan korreksjon.
  • Blodtynnande medikament (Marevan, Xarelto etc): Krav om to månader med stabil behandling.

Det er petroleumslegen som sender søknad om dispensasjon (sjå i menyen til høgre).