Leve heile livet må inn i planverket

Reforma legg opp til at kommunane set Leve heile livet på dagsorden, analyserer eigne utfordringar og utformar løysingar i planverket. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.10.2020

Vi er no inne i fase to i reforma, der det blir lagt opp til at  kommunane vedtar politisk korleis løysingane i Leve heile livet kan utformast lokalt og innarbeidast i planverk. Dette bør gjerast ut frå analyse av eigne utfordringar og behov.  

Kommunane skal vedta korleis Leve heile livet kan utformast i planverk. Dette gjeld kommuneplanen sin handlingsdel med økonomidel, men også i kommunedelplanar. Leve heile livet bør det også drøftast i planstrategien.  

  • Intensjonen med Leve hele livet utfordrar alle tenestene i kommunen og vil meir eller mindre forutsette bidrag frå alle tenesteområde 
  • Tidleg involvering av kommunen sin sentrale planleggingskompetanse kan verte avgjerande for at kommunen lukkast med arbeidet 

Med Leve hele livet skal eldre kunne meistre livet sitt der dei bur heile livet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner