Leve heile livet

Oppdatert 28.02.2024

Reforma «Leve heile livet» er gjennomført, men arbeidet med å skape aldersvenlege lokalsamfunn held fram. I satsinga «Fellesskap og meistring – bu trygt heime» er målet å skape eit aldersvenleg samfunn prega av openheit, tryggleik og fellesskap. Det overordna målet er å bidra til at eldre kan bu trygt heime lengst mogleg.

Satsinga er tverrfagleg og har fire innsatsområde:

  • levande lokalsamfunn
  • bustadtilpassing og planlegging
  • kompetente og myndiggjorte medarbeidarar
  • tryggleik for brukarar og støtte til pårørande

Alt det gode arbeidet som er gjort i «Leve heile livet», skal vidareførast inn i «Bu trygt heime». Helsedirektoratet jobbar med ein nasjonal handlingsplan for korleis fleire eldre kan bu trygt og godt i eigen bustad lengst mogleg.

Dialogmøte og læringsnettverk

Statsforvaltaren har hatt ei sentral rolle i å koordinere arbeidet knytt til «Leve heile livet». Statsforvaltaren har gitt alle kommunar tilbod om dialogmøte og sytt for at alle kommunar vart inviterte inn i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med. Vi har ikkje fått oppdrag i den nye satsinga enda. 

Vis meir


Publisert 11.03.2022

Undervegsrapport frå Leve heile livet

Leve heile livet skal støtte kommunane i arbeidet med å oppretthalde berekraftige lokalsamfunn og gode helse- og omsorgstenester. Nå har OsloMet, i samarbeid med Vista Analyse, på oppdrag fra Helsedirektoratet undersøkt korleis kommunane arbeider med kvalitetsreformen.


Publisert 27.05.2021

Frå plan til handling

Det er tid for å starte gjennomføring av vedtekne planar.


Publisert 12.03.2021

Leve hele livet-handbok.

Leve hele livet i kommunane – steg for steg. For å inspirere og lette arbeidet i kommunane er det laga ei Leve hele livet-handbok.


Publisert 08.10.2020

Leve heile livet må inn i planverket

Reforma legg opp til at kommunane set Leve heile livet på dagsorden, analyserer eigne utfordringar og utformar løysingar i planverket. 


Publisert 02.10.2020

Leve hele livet – ei eldrereform for alle

Korleis skal vi skapa eit meir aldersvennleg samfunn der eldre kan leva gode liv og delta i fellesskapet? Leve hele livet-reforma har som mål å finna svara.