Over 300 nye statsborgarar skal feirast

Statsborgarseremonien i Stavanger i 2018
Foto: Ivar Langvik / Statsforvaltaren i Rogaland.

Dei nye statsborgarne i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 20. november. Dei kjem frå 18 rogalandskommunar. 

Publisert 15.11.2021

Det er Statsforvaltaren i Rogaland som arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er heilt frivillig å delta.

Ein festdag

Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Statsforvaltar Bent Høie leiar seremonien. Stortingsrepresentant og KrF-leiar Olaug Bollestad er årets hovudtalar.

18 kommunar i Rogaland er representerte i år

Dei over 300 festklare statsborgarane bur i 18 kommunar i Rogaland. Med venner og familie blir det rundt 900 festdeltakarar i Kuppelhallen.

Det er ikkje berre familie og venner som stiller på ein dag som dette. Ordførarane frå dei kommunane som har påmelde statsborgarar møter også.

Tid/stad

Laurdag 20. november 2021 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.

Slik fordeler dei nye statsborgarane seg på dei 18 kommunane

Bokn 1
Eigersund 6
Gjesdal 6
Haugesund 15
Hjelmeland 2
5
Karmøy 4
Klepp 6
Randaberg 8
Sandnes 58
Sauda 1
Sola 19
Stavanger 153
Strand 6
Suldal 2
Time 11
Tysvær 6
Vindafjord 5

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter

Billettinformasjon

  • Alle som har meldt seg på arrangementet får utdelt billettane sine i Kuppelhallen.

Smittevernråd til Statsborgarseremonien 2021

  • Dersom du, eller nokon av dei du bur med, er sjuke, så ber me deg om å ikkje komma. Dette gjeld også andre sjukdommar med tilsvarande symptom som covid-19.
  • Er du over 18 år og ikkje vaksinert, så ber me deg vera ekstra merksam på symptom, halda avstand til andre og bruka munnbind.
  • Me kjem ikkje til å handhelsa i samband med seremonien, og ber om at gjestar og deltakarar ikkje handhelsar/klemmar på andre enn dei ein bur saman med.
  • Alle kjem til å sitta kommunevis i salen. Når du kjem og går igjen, bør du forsøka å halda avstand til andre, gjerne ein meter.
  • Når seremonien er over, ber me om at folk går ut av salen i puljer. Vent til di seterad blir annonsert før du reiser deg.
  • Det blir delt ut mat i foajeen når seremonien er over. Dette er matpakkar som ein skal ta med seg. Det blir ikkje høve til å setta seg ned for å eta i Kuppelhallen.