Familievernkontora opnar igjen

I første omgang får familiar som treng det, eit tilbod om hjelp via telefon. Sentralbordet til familievernkontor i alle regionar skal vere opne frå i dag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.03.2020

For om lag ei veke sidan bestemte Bufdir at alle landet familievernkontor og eksterne meklingskontor skulle stengast av smittevernomsyn. Samstundes vart det oppretta ein nasjonal rettleiingstelefon.

Sidan koronakrisa ser ut til å bli langvarig har det vore viktig å finne løysingar for å drifte tenestene.

Sikrar nødvendig mekling

Fylkesmennene behandlar søknader om separasjon og skilsmisse. Reglane er slik at foreldre med felles barn under 16 år må ha møtt til mekling for å få separasjon eller skilsmisse. No gir Bufdir i gitte situasjonar fritak frå oppmøteplikta i mekling. Det sikrar at dei som treng det får meklingsattest, slik at ikkje søknader til Fylkesmannen og Nav stoppar opp. Foreldre kan ringe familievernkontoret og få råd og rettleiing.

Du finn meir informasjon på nettstaden til Bufdir.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.