Tilsyn

Statsforvaltaren fører tilsyn med kommunar og fylkeskommunen.

Våre tilsyn skal sikre at kommunar og fylkeskommunen oppfyller krava i regelverket. Regelverket gir barnehagar og skoler felles rammer og mål som skal sikre eit likeverdig barnehage- og opplæringstilbod.

Statsforvaltaren sine tilsyn rettar seg mot kommunen som barnehage- og skoleeigar, men i mange tilfelle må vi også undersøke praksis ute i barnehagar og skolar. I tillegg fører vi tilsyn med nykomne innvandrarar sine rettar etter integreringsloven.

Risikovurdering

Når vi vurderer kva kommune vi skal føre tilsyn med, gjer vi ei risikovurdering av kommunen. Vi samlar informasjon frå ulike nasjonale register, ser på kva type informasjon kommunen har tilgjengeleg på sine nettsider og samlar informasjon frå klagebehandling. I tillegg kan vi ha fått anna informasjon om kommunen sin praksis. Vi vurderer om det er sannsynleg at det skjer brot på regelverket og kor alvorlege konsekvensar det kan ha om kommunen ikkje fylgjer regelverket.

Ulike typar tilsyn

Utdanningsdirektoratet (Udir) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) vel tema for felles nasjonalt tilsyn og utarbeider tilsynsinstruksar som viser korleis felles nasjonale tilsyn skal utførast.

Statsforvaltaren kan på bakgrunn av risikovurdering ha tilsyn på område der vi vurderer at det er høg risiko for brot på regelverket. I eigeninitierte tilsyn lagar vi vårt eige tilsynsopplegg og tilpassar tilsynet til den kjennskapen vi har til barnehage, skole og kommune. Slike tilsyn vil ofte bli gjennomførte på bakgrunn av konkrete hendingar.

Korleis gjennomfører vi tilsyn?

Eit tilsyn kan være skriftleg eller stadleg. I skriftlege tilsyn etterspør vi dokumentasjon på kommunen eller fylkeskommunen sin praksis på området vi fører tilsyn med. I stadlege tilsyn vil vi i tillegg gjennomføre intervju.

Gangen i eit tilsyn vil vere:

  • Etter samordning med andre tilsynsorgan får kommunen brev og tilsynet blir registrert i den statlege tilsynskalenderen
  • Vi sender eit opningsbrev til kommunen eller fylkeskommunen der vi ber om å få tilsendt dokumentasjon og avtalar intervju
  • Vi hentar inn meir informasjon frå ulike nasjonale register og frå kommunen sin nettstad.
  • Vi går igjennom dokumentasjon og gjennomfører eventuelle intervju.
  • Ved behov ber vi om meir informasjon frå kommunen.
  • Vi utarbeidar ein førebels rapport og sender denne til kommunen. Kommunen kan kommentere funn og pålegg om rettingar. Rapporten er eit offentleg dokument.
  • Vi vurderer kommunen sine innspel og utarbeidar endeleg tilsynsrapport med pålegg om rettingar. Denne tilsynsrapporten blir publisert i tilsynskalenderen.

Ansvar i tilsynsarbeidet

Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for tilsyn i barnehagar og skular. Statsforvaltaren fører tilsyn med kommunar og fylkeskommunen som barnehage- og skoleeigar. På barnehageområdet kan Statsforvaltaren også føre tilsyn med kommunen som barnehagemynde. Kommunen har ansvar for at både kommunale og private barnehagar fylgjer regelverket.

Utdanningsdirektoratet har tilsynsansvar for friskular og ansvar for å føre økonomisk tilsyn med private barnehagar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har overordna ansvar for tilsyn med  introduksjonsprogrammet. Statsforvaltaren fører tilsyn med kommunar sitt tilbod til deltakarar i introduksjonsprogrammet.

Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for Statsforvaltaren si tilsynsverksemd.

Vis mer


Publisert 23.02.2022

Tilsyn med skolemiljø og internkontroll - felles nasjonalt tilsyn 2022-2025

I dei næraste åra skal utdanningsavdelinga hos Statsforvaltaren ha tilsyn med mange av kommunane i Rogaland. Tilsynet blir kalla eit felles nasjonalt tilsyn fordi alle statsforvaltarane i heile landet skal gjennomføre same type tilsyn.


Tilsynsrapportar 1999-2021

Informasjon om statlege tilsyn og forvaltningsrevisjonar frå og med 2022 finn du i tilsynskalenderen. 

Tabellen nedanfor gir eit oversyn over tilsyn Statsforvaltaren si utdanningsavdeling har hatt i kommunane og fylkeskommunen frå 1999 til og med 2021.